23345_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23345
Framleis nedgang i talet på nye føretak
statistikk
2009-02-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i talet på nye føretak

Det vart registrert 11 515 nye føretak i fjerde kvartal 2008. Dette er ein nedgang på 12,1 prosent jamført med same kvartal i 2007.

Totalt i året 2008 vart det registrert 49 832 føretak, noko som tilsvarar ein nedgang på 6,5 prosent i høve til året før. Av desse er drygt 46 500 nyetableringar, medan i underkant av 3 300 var overtakingar (nytt føretak som vart registrert for å overtake ei eksisterande verksemd). Ikkje sidan 2004 har talet på nye føretak vore under 50 000.

Nye føretak i alt, nyetableringar og overtakingar. 2001-2008

Størst del av nyetableringane i 2008 finn ein innanfor næringshovudområdet eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting. 35 prosent av dei nyetablerte føretaka tilhørte denne næringa.

Nedgang i nesten alle organisasjonsformer

Den einaste organisasjonsforma med fleire nyetableringar i 2008 enn i 2007 er enkeltpersonføretak, med ein auke på 3,1 prosent. Den største nedgangen finn ein blant allmennaksjeselskapa. Berre fem føretak med denne organisasjonsforma vart etablert i 2008, mot 20 i 2007. Nedgangen blant aksjeselskapa var 17,4 prosent.

Tala omfattar ikkje føretak innanfor primærnæringane og offentleg forvaltning.

Tabeller: