23750_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23750
Færre nye føretak
statistikk
2008-03-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre nye føretak

Det vart registrert 13 100 nye føretak i fjerde kvartal 2007, ein nedgang på 4,5 prosent samanlikna med same kvartal året før.

Nye føretak i alt, nyetableringar og overtakingar. 2001-2007

Totalt vart det registrert om lag 53 300 nye føretak i 2007, 3 prosent mindre enn i 2006. Nærare 92 prosent av dei nye føretaka er nyetableringar (heilt nye verksemder), medan resten er overtakingar (føretaket er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd).

I 2007 var ein tredel av dei nyetablerte føretaka innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting, medan 13 prosent var innanfor byggje- og anleggsverksemd. For 2006 er fordelinga den same.

Færre ANS og ASA, fleire NUF

Det er stadig færre som vel å stifte eit ansvarleg selskap (ANS) der alle deltakarane er personleg ansvarlege for heile verksemda. Frå 2006 til 2007 gjekk talet på nyetablerte ANS ned med nesten 30 prosent.

Organisasjonsforma med størst prosentvis nedgang er allmenne aksjeselskap (ASA). I 2007 vart det registrert 41 prosent færre nyetablerte ASA. Også for enkeltpersonføretak (ENK) og aksjeselskap (AS), som er dei to største organisasjonsformene, vart det registrert færre nyetableringar.

Organisasjonsforma som har auka mest, er norskregistrerte utanlandske føretak (NUF). Medan det berre var 188 nyetablerte NUF i 2001, vart det etablert 3 445 nye NUF i 2007. Frå 2006 til 2007 gjekk talet på nyetablerte NUF opp med heile 43 prosent. Ei mogleg årsak til veksten kan vere at norske føretak etablerer seg i utlandet med norsk avdeling for å omgå krava til norskregistrerte aksjeselskap.

Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Tabeller: