23359_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23359
Framleis auke i talet på nye føretak
statistikk
2007-03-02T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auke i talet på nye føretak

Drygt 13 700 nye føretak vart registrerte i fjerde kvartal 2006. Samanlikna med det same kvartalet året før utgjorde dette talet ein liten nedgang.

Nyetableringar av ANS og NUF. 2001-2006

Talet på nye føretak auka med 43 prosent frå 2001 til 20061. Talet på nye føretak var 5,4 prosent høgare i 2006 enn i 2005, men samanlikna med fjerde kvartal 2005 utgjorde talet på 13 700 ein nedgang på 7 prosent.

I 2006 finn ein snaue 40 prosent av dei nyetablerte føretaka innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting. Næringane varehandel, byggje- og anleggsverksemd samt andre sosiale og personlege tenester, og her spesielt sjølvstendig kunstnarisk verksemd, følgjer etter med om lag 11 prosent kvar.

Fleire norske avdelingar av utanlandske føretak

Organisasjonsforma som har auka mest i løpet av dei siste seks åra, er norske avdelingar av utanlandske føretak (NUF). Medan det var 188 slike føretak i 2001, var det 2 414 fem år seinare. Ein mogleg årsak til veksten kan vere at norske føretak etablerar seg i utlandet med norsk avdeling for å omgå krava til norskregistrerte aksjeselskap.

Det er stadig færre nyetablerarar som vel å stifte eit ansvarleg selskap (ANS) der alle deltakarane er personleg ansvarlege for heile gjelda. Frå 2001 til 2006 er talet halvert.

Tala omfattar alle føretak med unntak av primærnæringane og offentleg forvalting.

1Rettet 30.03.2007 kl. 15:30.

Tabeller: