23363_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23363
13 158 nye føretak i 2. kvartal 2006
statistikk
2006-09-01T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

13 158 nye føretak i 2. kvartal 2006

Det vart registrert 13 158 nye føretak i Noreg i 2. kvartal 2006. Dette er 495 (3,9 prosent) fleire enn i 2. kvartal 2005. Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Auke samanlikna med 1. halvår 2005

I 1. halvår 2006 vart det registrert til saman 28 714 nye føretak mot 25 932 i same periode i 2005. Dette er ein auke på 2 782 (10,7 prosent). Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 91 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.

Tala for 2005 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar og føretak registrert ut frå endringar i overgangsregel E i skattelova er haldne utanfor (sjå Nye føretak, 4. kvartal 2005 publisert 24. februar 2006 for ei forklaring av overgangsregel E og endringa).

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform, fylke og kommune. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2005 og opphøyrde føretak i 2001-2004.


Meir informasjon: svein.myro@ssb.no, tlf. 62 88 51 73, eller camilla.torp@ssb.no, tlf. 62 88 55 48

Tabeller: