23365_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23365
15 556 nye føretak
statistikk
2006-06-02T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

15 556 nye føretak

Det vart registrert 15 556 nye føretak i Noreg i 1. kvartal 2006. Dette er ein auke på 2 287, 17 prosent i høve til 1. kvartal 2005. Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Auke samanlikna med 4. kvartal 2005

Samanlikna med 4. kvartal 2005 vart det registrert 764 (5 prosent) fleire nye føretak. Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 92 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.

Tala for 2005 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar og føretak registrert ut frå endringar i overgangsregel E i skattelova er haldne utanfor (sjå Nye føretak, 4. kvartal 2005 publisert 24. februar 2006 for ei forklaring av overgangsregel E og endringa).

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2005 og opphøyrde føretak i 2001-2004.

Tabeller: