23752_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23752
Liten auke i nye føretak i 2005
statistikk
2006-02-24T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i nye føretak i 2005

Det vart registrert ei uvanleg stor mengd nye aksjeselskap (AS) i Noreg i 4. kvartal 2005. Men dette kjem av endringar i skattelova, og er ikkje utslag av nokon "gründerboom". Når ein held desse føretaka utanfor, er det ein liten auke frå 2004 til 2005. Tala omfattar alle nye føretak unnateke primærnæringane og offentleg forvaltning.

Dette syner statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Nye aksjeselskap og overgangsregel E

På grunn av den store mengda nye aksjeselskap som er registrert som eit resultat av overgangsregel E i skattelova (sjå forklaringsboks nedanfor), er ikkje alle nye AS som er registrerte ut frå overgangsregelen identifiserte enno. Til saman vart det registrert 20 691 nye aksjeselskap i 4. kvartal 2005 og 33 426 nye AS i heile 2005. Samanlikna med 4. kvartal 2004 er dette 16 895 fleire AS enn i same periode i 2004, og det er 20 541 fleire i 2005 enn i 2004. Førebels tyder det på at talet på nye AS som er registrert på grunn av overgangsregelen er på om lag 17 000.

Endelege tal for nye AS i 4. kvartal 2005 og for heile 2005 vil verte publisert 31. mars. Då vil òg tala verte tilgjengelege i Statistikkbanken.

Overgangsregel E til §2-38 i skattelova

Som ein del av skattereforma vart det vedteke ei endring av overgangsregel E til fritaksmetoden. I fylgje overgangsregel E til fritaksmetoden kan ein personleg skatteytar gjennom å overføre aksjar til eit holdingselskap få utsetjing av skatten på utbytte av aksjane dersom fylgjande vilkår vert oppfylt:

- Samtlege aksjar som skatteytaren eig i det aktuelle selskapet må overførast til eit nystifta eller eksisterande selskap (ved å auke aksjekapitalen).

- Det mottakande selskapet må verte eigar av minst 10 prosent av aksjane i dei overførte selskapa.

Det mottakande selskapet må ha vorte stifta og melding sendt føretaksregisteret innan 31. desember 2005.

Tidlegare var kravet at det mottakande selskapet måtte verta eigar av minst 90 prosent av aksjane i dei overførte selskapa.

Føremålet med overgangsregelen er å likestille personlege aksjonærar og personar som eig aksjar gjennom eit investeringsselskap. Utbytte frå aksjar som vert eigde gjennom eit investeringsselskap vil kunne reinvesterast av investeringsselskapet utan at ein må betale korkje gevinst- eller utbytteskatt. Inntekta vert skatta først når den vert utbetalt til ein personleg aksjonær.

Nye føretak unnateke aksjeselskap

Når ein held aksjeselskapa utanfor, syner tala for alle andre organisasjonsformer ein svak auke i nye føretak i 2005 i høve til 2004. I 2005 vart det registrert til saman 35 024 nye føretak, ein auke på 942 (2,8 prosent) i høve til 2004. I 4. kvartal 2005 vart det registrert 8 470 nye føretak, og det er 455 (5,1 prosent) færre enn i 4. kvartal 2004.

Flest nye føretak vert registrert som enkeltpersonføretak. I 2005 vart det registrert 29 072 nye enkeltpersonføretak, noko som er omtrent uendra samanlikna med 2004 (ein nedgong på berre 55 føretak eller 0,2 prosent). For 4. kvartal var talet på enkeltpersonføretak i 2005 6 787, som er 703 (9,4 prosent) lågare enn i same periode i 2004.

Det er fortsatt ein auke i talet på nye føretak med selskapsforma norskregistrert utanlandsk føretak (NUF). I 2005 vart det registrert 2 402 NUF, ein auke på 1 022 (74,1 prosent) i høve til 2004. I 4. kvartal 2005 var talet på nye NUF 660, ein auke på 138 (26,4 prosent) i samanlikna med same kvartal i 2004. Men samanlikna med dei tre første kvartala i 2005, er ikkje talet i 4. kvartal så mykje høgare, slik at veksten i NUF ikkje er så stor lenger.

Nye føretak kan fordelast på eigarskifte - føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd - og nyetableringar som representerer heilt nye verksemder. Om lag 95 prosent av nyregistreringane er nyetableringar både i 4. kvartal 2005 og i heile 2005.