23378_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23378
12 950 nye føretak
statistikk
2004-06-04T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

12 950 nye føretak

Det vart registrert 12 950 nye føretak i 1. kvartal 2004. Dette er 1 985 fleire enn i siste kvartal i 2003. Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Auke i høve til 1. kvartal 2003

Samanlikna med 1. kvartal 2003 er det ein auke på 1 395 nyregistreringar, medan det er ein endå større auke i høve til siste kvartal i 2003.

Om lag 91 prosent av nyregistreringane er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd i samband med eit eigarskifte.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken er nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finn du òg bestandstal per 1. januar 2001-2004 og opphøyrde føretak i 2001-2003.

Tabeller: