23386_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23386
11 555 nye føretak i 1. kvartal 2003
statistikk
2003-05-30T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

11 555 nye føretak i 1. kvartal 2003

Det vart registrert 11 555 nye føretak i Noreg i 1. kvartal 2003. Dette er 920 fleire enn i siste kvartal i 2002. Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Ingen auke i forhold til 1. kvartal 2002

Samanlikna med 1. kvartal 2002 er talet på nyregistreringar og nyetableringar omtrent uendra, mens det altså er ein viss auke i forhold til siste kvartal i 2002.

Om lag 91 prosent av nyregistreringane er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd i samband med eit eigarskifte.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken er nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2003 og opphøyrde føretak i 2001 og 2002 som vart publisert 28. april 2003.

Tabeller: