5480
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/etablerere/arkiv
5480
Føretak etablerte av menn overlever oftare
statistikk
2008-11-14T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
etablerere, Etablerere i næringslivet, gründere, overlevelse, vekstEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Etablerere i næringslivet2002-2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Føretak etablerte av menn overlever oftare

Personlig åtte føretak etablerte av menn har størst overlevingsgrad. Føretak med mannlege etablerarar har størst omsetningsvekst, medan aksjeselskap med kvinnelege etablerarar har størst vekst i sysselsetjing.

30 prosent av personleg åtte føretak etablerte av menn i 2002 overlevde til 2006. Tilsvarande tal for kvinner er 23 prosent. Om lag tre av fire aksjeselskap og allmennaksjeselskap som vart etablerte i 2004, overlevde til 2006.

Føretakas overlevingsgrad måler kor stor del av føretaka som framleis eksisterar ei viss tid etter at føretaket vart etablert.

Etableraranes overlevingsgrad måler i kor stor grad ein etablerar framleis er inne på eigarsida ei viss tid etter at føretaket vart etablert.

Samanheng mellom alder og overlevingsgrad

Overlevingsgraden for etablerarar av personleg åtte føretak stig med alderen til etableraren. I aldersgruppa 16-24 år var overlevingsgraden 21 prosent frå 2002 til 2006. Overlevingsgraden for etablerarar i aldersgruppa 55-66 år var 35 prosent. Den motsette tendensen gjeld etablerarar av AS og ASA. Her overlevde 76 prosent av etablerarane mellom 16 og 24 år frå 2004 til 2006, medan 68 prosent av etablerarane over 66 år overlevde i to år.

Høgt utdanna etablerarar av personleg åtte føretak hadde ein overlevingsprosent på 31. Tilsvarande hadde etablerarar med grunnskuleutdanning ein overlevingsprosent på 29.

Føretak med mannlege etablerarar hadde størst omsetningsvekst

Av dei personleg åtte føretaka som har berre mannlege etablerarar, hadde 76 prosent vekst i omsetninga frå 2002 til 2006. Tilsvarande del for personleg åtte føretak som var eigd av berre kvinner, var 64 prosent.

Aksjeselskap med kvinnelege etablerarar hadde størst vekst i sysselsetjing

66 prosent av aksjeselskapa og allmennaksjeselskapa med berre kvinnelege etablerarar hadde vekst i sysselsetjinga frå 2004 til 2006. Av aksjeselskapa med berre menn som etablerarar, hadde 51 prosent vekst i sysselsetjinga i den same perioden.

Eit personleg eigd føretak kan ha ein eller fleire eigarar. I personleg eigde føretak som er nyetablerte, er eigar og etablerar synonyme.

Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire etablerarar, og etableraren kan vere ein person eller eit føretak. Etableraren kan vere den eller dei som har hatt ideen som føretaket er tufta på, og som har ein viss del av aksjekapitalen eller har kompetanse til å driva føretaket. Metoden for å finna etableraren går ut på å identifisere aksjonærane i eit føretak som har ei rolle som anten dagleg leiar eller styrerepresentant, eller som har ein del av aksjekapitalen over ein viss storleik. Denne statistikken omfattar etablerarar som er personar som er identifiserte ved fødselsnummer i Aksjonærregisteret.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB