Fleire kvinner i styre og leiing

Publisert:

Gjennom heile 2000-talet har delen av kvinner i styre og leiing av norsk næringsliv auka jamt, men sakte. Vi ser at denne tendensen varer ved frå 2019 til 2020, både når det gjeld kvinnedelen i styrer og kvinnedelen av dei som er daglege leiarar i aksjeselskap.

Dei siste tala frå statistikken Styre og leiing i aksjeselskap viser at 85 prosent av store aksjeselskap der det er ti eller fleire styremedlemmer har begge kjønn i styra sine. Meir enn 50 prosent av føretaka med 100 eller fleire tilsette har begge kjønn i styret. I offentleg forvaltning og administrasjon er både kvinner og menn representert i styra til nesten alle verksemdene.

Veksten i delen kvinner i styre for AS er liten frå år til år – i gjennomsnitt berre vel 0,2 prosentpoeng. Frå 2019 til 2020 auka kvinnedelen frå 18,9 til 19 prosent. Likevel kan vi sjå ein positiv vekst i alle år, og frå 2004 til 2020 har kvinnedelen auka med 3,6 prosentpoeng. 

For ASA er kvinnedelen nesten 42 prosent. Dette kjem av kjønnskvotering. For delen kvinner som er dagleg leiar i ASA er det omvendt. Her er berre 7,7 prosent kvinner, mot 16,6 prosent i AS.

Figur 1. Andel kvinnelige styrerepresentanter i AS og ASA. 1. januar 2004-2020

2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
AS 15.4 15.9 16.4 16.7 16.8 16.9 17.1 17.2 17.4 17.7 17.9 18 18.2 18.4 18.6 18.9 19
ASA 9 11.8 17.8 25 36.2 40.2 39.5 40.1 40.9 40.5 40.7 41 41.6 42.1 42 42.5 41.8

Blant dei kvinnene som har ei rolle som leiar eller styremedlem har rundt to tredjepartar utdanning på universitetsnivå. Kvinnedelen er størst i verksemdene i næringsgruppene Helse- og sosialtenester og Anna tenesteyting, som personlege tenester (frisering, kroppspleie med meire). 

Figur 2. Andel kvinnelege daglege leiarar i aksjeselskap. 1. januar 2004-2020

2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
AS 12.96 13.326 13.585 13.735 13.884 13.994 14.169 14.365 14.603 15.091 15.4 15.7 16 16.2 16.3 16.4 16.6
ASA 4.6041 3.1683 3.0801 3.8229 4.6414 4.914 6.4972 6.5672 7.7922 5.8394 6.4 5.5 7.2 7 7 6.6 7.7

Best i Nord-Noreg

Tal for den nye regioninndelinga viser det same bilete som tidlegare. Det er i Nord-Noreg vi finn flest kvinnelege styremedlem og styreleiarar. I Nordland og Troms og Finnmark er to av ti styrerepresentantar i aksjeselskap kvinner, og fire av ti i allmennaksjeselskapa. Svalbard kommer best ut prosentvis, der 24 prosent av alle leiarar i aksjeselskap er kvinner.

Ikkje berre menn er styregrossistar

Sjølv om dei fleste av kvinnene som har styreverv styrer berre eit føretak, finst det og kvinner som sitt i styret til fleire enn hundre føretak, eller som er dagleg leiar i svært mange føretak. Likevel er det ikkje vanleg å ha roller i meir enn tre føretak.

Faktaside

Kontakt