368199
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/kvartal
368199
statistikk
2019-07-23T08:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
true

Kostnadsindeks for lastebiltransport

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

0,0 %

endring i totalindeksen for lastebiltransport (utan ferje og bom) frå 1. kvartal 2019 til 2. kvartal 2019

Kostnadsindeks for lastebiltransport (1. kvartal 2016 = 100)
IndeksnivåEndring i prosent
1. kvartal 2019 - 2. kvartal 20192. kvartal 2018 - 2. kvartal 2019
Uten bom- og fergekosntader
Alle transporttyper111,90,02,0
Nærtransport110,80,11,8
Regionaltransport112,4-0,12,1
Langtransport112,1-0,11,8
Tank- og bulktransport112,30,02,1
Tømmertransport113,4-0,12,0
Anleggstransport, korte strekninger111,8-0,12,0
Renovasjon, husholdningsavfall111,20,22,2
 
Med bom- og fergekosntader
Alle transporttyper112,80,12,4
Nærtransport111,70,32,3
Regionaltransport113,60,12,6
Langtransport113,90,12,7
Tank- og bulktransport113,30,12,5
Tømmertransport114,00,02,4
Anleggstransport, korte strekninger112,30,02,3
Renovasjon, husholdningsavfall111,40,22,3

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Kostnadsindeks for lastebiltransport uten bom, ferge og drivstoff (1. kvartal 2016 = 100)

Kostnadsindeks for lastebiltransport uten bom, ferge og drivstoff (1. kvartal 2016 = 100)
IndeksnivåEndring i prosent
1. kvartal 2019 - 2. kvartal 20192. kvartal 2018 - 2. kvartal 2019
Utan bom, ferge og drivstoff
Alle transporttyper108,70,83,1
Nærtransport108,00,82,7
Regionaltransport109,50,73,2
Langtransport108,90,73,0
Tank- og bulktransport109,20,93,3
Tømmertransport110,10,93,4
Anleggstransport, korte strekninger108,30,83,4
Renovasjon, husholdningsavfall109,40,62,8

Om statistikken

Statistikken gir informasjon om kor mykje det kostar å drifte ein lastebil kvart kvartal samanlikna med ein tidlegare periode. Det blir laga indeksseriar for sju ulike typar lastebilar fordelt på fem ulike kostnadsgrupper.

Det blir utarbeida tre totalindeksar: 1) Med bom-, ferje- og drivstoffkostnader, 2) Utan bom- og ferjekostnader og med drivstoffkostnader og 3) Utan bom-, ferje- og drivstoffkostnader. 

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Laspeyres prisindeks er ein prisindeks der vektgrunnlaget blir halde konstant. Ein kjeda Laspeyres indeks er ein indeks som består av fleire Laspeyres prisindeksar med ulike vekter.

Pris erfaktiske utsalspriser på varer og tenester som som blir kjøpt av lastebilnæringa/-eigarane.

Kostnadskomponentar erdei viktigaste utgiftene som eigarar av lastebilar har:

  • Arbeidskraft
  • Reparasjons- og servicekostnader
  • Drivstoff
  • Dekk
  • Leigekostnader
  • Kontorrekvisita og trykksaker
  • Telefon og porto
  • Forsikring
  • Ferjekostnader og bompengar
  • Avskrivningar
  • Rentekostnader
  • Vektårsavgift/årsavgift

Kostnadsgruppene er utgangspunktet for delindeksane. Kostnadsindeksen for lastebiltransport består av i alt fem slike delindeksar:

1. Arbeidskraftkostnader

2. Drivstoff

3. Bom- og ferjekostnader

4. Kapital (Avskrivingar og rentekostnader)

5. Øvrige kostnader (dekk, forsikring, vedlikehold og reparasjon, administrasjon, vektårsavgift/årsavgift)

Køyretøygruppe er inndeling av lastebilparken i ulike grupper etter kva for type transport bilane brukast til. Lastebilkostnadsindeksen består av sju slike køyretøygrupper:

  1. Nærtransport, transport rundt 50 kilometer
  2. Regionaltransport, transport rundt 100 kilometer
  3. Langtransport, transport rundt 500 kilometer
  4. Tank- og bulktransport
  5. Tømmertransport
  6. Anleggstransport, korte strekninger
  7. Renovasjon, hushaldsavfall

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Kostnadsindeks for lastebiltransport
Emne: Transport og reiseliv

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt.

Kor ofte og aktualitet

Indekstala for kvartalet før blir publisert rundt midten av påfølgjande månad.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnlagsdata blir langtidslagra. 

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å skildre utviklinga i kostnadane knytt til drift av ulike lastebiltypar. Utviklinga av indeksen blei gjort i 1997. Frå og med januar 2009 blei statistikken produsert med nye vekter basert på rekneskapstal for 2007 for eit utval av føretak i næringa godstransport på veg. Samstundes blei januar 2009 sett som ny basismånad i indeksen (januar 2009 = 100). Frå og med januar 2009 blei det også utarbeida ein totalindeks for lastebiltransport. Totalindeksen var eit vekta gjennomsnitt av kostnadsindeksane for køyretøygruppene. På oppmoding frå bransjen blei det frå januar 2009 også utarbeida indekstal utan ferje- og bomkostnader, fordi desse kostnadane i større grad enn andre er spesifikt knytta til det enkelte køyreoppdraget.

Statistisk sentralbyrå (SSB), Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og ei referansegruppe med representantar for lastebilnæringa vart samde om å gå over til ein ny kostnadsindeks for lastebiltransport frå og med 1. kvartal 2019. Den nye indeksen er utrekna tilbake til 1. kvartal 2016. 1. kvartal 2016 er sett som ny basisperiode i indeksen (1. kvartal 2016=100). 

Statistikken blir laga på oppdrag frå Norges Lastebileier-Forbund.

Brukarar og bruksområde

Statistikken brukast av næringslivet i samband med inngåing og regulering av kontraktbeløp for lastebiltransport. I tillegg nyttast statistikken ved prisforhandlingar mellom transportytarar og transportbrukarar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samstundes for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalendaren. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Delindeksen for arbeidskraftkostnader er basert på data frå den kvartalsvise Arbeidskraftindeksen i SSB. Data til administrasjonskostnader og reparasjon og service er henta frå Konsumprisindeksen til SSB. Renteinformasjon hentast frå Noregs Bank.

Statistisk sentralbyrå utarbeider også ein prisindeks for godstransport på veg som måler utviklinga i den utfakturerte prisen for transporttenester.

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2 og 2-3 (tvangsmulkt).

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Indeksen måler den kvartalsvise kostnadsutviklinga for sju typar av lastebiltransport. Kostnadsvektene i indeksen er utrekna på bakgrunn av rekneskapsopplysningar frå eit utval av føretak innanfor næring 49.41 Godstransport på vei. Prisobservasjonane er henta frå leverandører til lastebilbransjen (bankar, forsikringsselskap, verkstadar, forhandlarar av drivstoff og dekk, bompengeselskap, etc).

Datakjelder og utval

Dei faste prisleverandørane rapporterer kvartalsvis.

Det er eigne utval for kvar av kostnadspostane som indeksen består av:

I delindeksen for arbeidskraftkostnader inngår utbetalt avtalt løn og indirekte kostnader (sosiale kostnader, arbeidsgiveravgift og liknande) i avtalt arbeidstid for heiltids- og deltidstilsette.

Reparasjon/service følgjer utviklinga i prisindeksen for vedlikehald og reparasjon på verkstad som inngår i Konsumprisindeksen. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstadstenester (delar og timepris) hos bilverkstader over heile landet.

Drivstoffindeksen er basert på rettleiande truckdieselpriser frå eit utval forhandlarar over heile landet.

Ferjekostnader og bompengar er basert på prisrapportering frå ferjeselskap og bompengeselskap.

Kapitalkostnader består av avskrivingskostnader og rentekostnader. Prisutviklinga på chassis og påbygg blir innhenta frå markedsdominerande prisleverandørar. Renteutviklinga er basert på 3-måneders NIBOR-rente frå Noregs Bank. 

Øvrige kostnader er basert på

  • Prisutviklingen for ulike dekktypar frå dei største merkeforhandlarane
  • Administrasjonskostnader inkluderer husleige, porto, tele, papirrekvisita
  • Forsikringskostnader er basert på rapportering frå dei forsikringsselskapa som har størst marknadsdelar innanfor næringa
  • Årsavgifter og vektårsavgifter oppdaterast ved endringar i avgiftsnivåa

Utvalsprosent, dekningsgrad og standardavvik er ikkje utrekna for utvala av prisleverandører.

Se mer informasjon i dokumentasjonsrapporten Kostnadsindekser for lastebiltransport

Datainnsamling, editering og beregninger

Følgjande skjema blir brukt:

  • RA-0374b. Prisar på lastebilchassis
  • RA-0374c. Prisar på lastebilpåbygg
  • RA-0374d. Prisar på lastebilforsikringar
  • RA-0374e. Prisar på lastebildekk

Skjemaa sendast ut kvartalsvis. Dei innkomne skjemaa dataregistrerast manuelt. I dataregistreringsrutinen er det utarbeida enkle matematiske og logiske registreringskontrollar.

Utrekninga av indeksane skjer i fire trinn:

1. Først utreknast prisindeksar for representantvarer som utgjer kostnadskomponentane i kvar enkelt kostnadsgruppe.

2. Komponentindeksane vektast så saman til delkostnadsindeksar for kvar køyretøygruppe.

3. Deretter vektast delindeksane saman til kostnadsindeksar for kvar av dei sju køyretøygruppene.

4. Frå og med januar 2009 vektast også kostnadsindeksane for køyretøygruppene saman til ein totalindeks for lastebiltransport.

Vektene som brukast i kostnadsindeksane for kvar køyretøygruppe er rekna ut ved hjelp av ei kostnadsundersøking basert på rekneskapstal for eit utval føretak i næringa godstransport på veg. Vektene som ligg til grunn for totalindeksen er estimerte marknadsdelar for dei sju lastebiltypane det blir laga kostnadsindeksar for.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Bruk av innsamla data skjer i samsvar med krav i Statistikklova.

Samanlikningar over tid og stad

Kostnadsindeksen for lastebiltransport har blitt utarbeida av SSB sidan januar 1998. Undersøkinga erstatta ei kvartalsvis kostnadsundersøking  for lastebiltransport som blei utarbeida av Transportøkonomisk institutt (TØI) til og med 4. kvartal 1997. Frå og med juni 2008 følgjer delindeksane for løn og sosiale kostnader i lastebilkostnadsindeksen utviklinga i arbeidskraftskostnadsindeks for tilsette i føretak som driv med godstransport på veg. Indeksen måler endringar både i løn og indirekte personalkostnader. Tidlegare var berre lønsutviklinga basert på den kvartalsvise lønsstatistikken, medan endringane i dei indirekte kostnadene blei estimert som ein del av indeksutrekninga. Frå og med januar 2009 blei indeksen utrekna med nye vekter basert på rekneskapstal for 2007 og ny basismånad (januar 2009 = 100). Den gamle tidsserien med indekstal blei samstundes erstatta med ein ny tidsserie med tilbakerekna tal som var kjeda for å sikre samanlikneleg indeksutvikling før og etter endringa. Frå og med januar 2010 følgde delindeksane for reparasjons- og servicekostnader utviklinga i prisindeksen for vedlikehald og reparasjon på verkstad som inngår i Konsumprisindeksen. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstadstenester (delar og timepris), og har ei utvikling som tilsvarer dei tidligere delindeksane for reparasjons- og servicekostnader for dei ulike lastebiltypane ved dei største merkeverkstadane over tid.

Frå og med 1. kvartal 2019 er det eit brot med tidligare publiserte indekstal. indeksen er rekna ut tilbake til 1. kvartal 2016. 1. kvartal 2016 er sett som ny basisperiode i indeksen (1. kvartal 2016=100). 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Prisoppgåvene blir samanlikna mot tilsvarande oppgåver frå kvartalet før. Likevel kan det skje at oppgåvegjevar kan gje pris på ei anna vare eller teneste enn førre kvartal, og at dette blir registrert som ei prisendring. Omfanget av denne type feil verkar å vera lite i denne indeksen.

Oppgåvene er revidert ved eit sett enkle manuelle og maskinelle kontrollar. Der det er openberre feil i opplysningane blir oppgåvene korrigert. Vi reknar med at eventuelle målings- og bearbeidingsfeil ikkje har ført til systematiske feil i resultata. 

Etter purring ligg svarprosenten som regel på 100 prosent. Ved partielle fråfall eller ved andre feil med reell innverknad, blir oppgåvegjevaren kontakta. I nokre tilfelle kan prisen bli lagt inn med gjennomsnittleg prisendring for andre innleverte prisar for næringa eller med kopiering av prisen for førre kvartal.

Utvalet av varer og tenester er planlagt oppdatert ved behov. Produkt og rapportørar som blir borte, blir erstatta. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalsskeivskap i lastebilkostnadsindeksen. Internasjonale undersøkingar for andre indeksar tyder på at det er utvalet av varer og tenester som er opphavet til størst skeivskap.

Over tid vil det skje ei endring i kostnadsstrukturen til ei lastebilbedrift. For å vekte prisendringar rett i lastebilindeksen bør vektgrunnlaget til ei kvar tid reflektere kostnadsbiletet i bedrifta. Oppfylling av dette kravet til representativitet skjer ved at vektene reviderast med jamne mellomrom. For lastebilindeksen er det planlagt revisjon av vektene kvart femte til tiande år. Det er ikkje gjort utrekningar på målefeil forårsaka av ikkje-representative vekter.

Revisjon

Ikkje relevant.

Kontakt