84475_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
84475
Privat breibandshastigheit dobla på to år
statistikk
2012-06-18T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Privat breibandshastigheit dobla på to år

Etter ny kraftig auke i 1. kvartal 2012 er hastigheita for private breiband dobla dei to siste åra. Talet på faste breiband har også auka.

Det var 1 671 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 1. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 23 000 abonnement frå 4. kvartal 2011, og ein auke på 86 000 i høve til den same perioden i 2011.

Bedriftsmarknaden har stoppa opp. Talet på faste abonnement ligg på 136 000, og talet er uendra frå førre kvartal.

Breibandsabonnement, etter marknad. 3. kvartal 2002-1. kvartal 2012

Overføringskapasitet for breibandsabonnement, etter marknad. Medianverdi og gjennomsnitt. Mbit/s. 3. kvartal 2004-1. kvartal 2012

Ny auke i hastigheita

Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 11,4 Mbit/s i 4. kvartal 2011 til 12,8 Mbit/s i 1. kvartal 2012. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 6,7 til 7,2 Mbit/s. Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har stige frå 8,4 Mbit/s til 9,1 Mbit/s i den same perioden. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 4,1 til 4,4 Mbit/s.

I 1. kvartal hadde 46 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein liten auke frå 44 prosent i førre kvartal. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var 29 prosent i 1. kvartal, ein auke frå 26 prosent i 4. kvartal 2011.

I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 66 prosent av alle abonnementa i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s.

Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda

På landsbasis hadde 75 prosent av hushalda breiband i 1. kvartal 2012. På grunn av nye tal for hushalda er dette om lag på same nivå som i førre kvartal. Auken er 3 prosentpoeng frå 1. kvartal i 2011. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 82 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 63 prosent, ein auke frå 61 prosent i førre kvartal.

Privatmarknaden. Breibandsabonnement (overføringskapasitet over 128 kbit/s) i prosent av hushalda. 1. kvartal 2012. Kommunar

Private breibandsabonnement, fordelt etter kommunane si sentralitetskode. 1. kvartal 2012
Sentralitet1 Breibandsabonnement Breibandsabonnement i prosent av hushalda
Minst sentrale kommunar  133 712 66
Mindre sentrale kommunar 91 008 70
Noko sentrale kommunar  269 748 71
Sentrale kommunar 1 176 273 77
1  Sentralitet 2008, Kommuner 2008.

Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement

Skilnadene mellom kommunane etter sentralitetsgrad er den same som før. Dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 77 prosent. I dei minst sentrale kommunane er det 66 prosent av hushalda som har breiband.

Kommunar med flest private breibandsabonnement ved utgangen av 1. kvartal 2012 i høve til hushalda
Kommunar Breibandsabonnement i prosent av hushalda
Landsgjennomsnitt 74,7
0941 Bykle  206,0
0817 Drangedal 99,7
1046 Sirdal 98,5
1241 Fusa 98,0
1232 Eidfjord 97,8
0215 Frogn 96,2
1640 Røros 95,3
1151 Utsira 94,6
1121 Time 92,8
0521 øyer 92,2
0940 Valle 90,9
1828 Nesna 90,9
0213 Ski 90,7
0834 Vinje 89,0
0544 øystre Slidre 88,5
0926 Lillesand 87,7
0216 Nesodden 87,5
1563 Sunndal 86,6
0217 Oppegård 86,5
0230 Lørenskog 86,1
1601 Trondheim 86,1
1018 Søgne 85,7
0520 Ringebu 84,1

Om datagrunnlaget

Dei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet lagar også statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit.

Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra ligge på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 180. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2012 er brukt i denne statistikken.

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå også undersøkinga " IKT i husholdningene ".

Post- og teletilsynet hentar inn ulike slag data til ekomstatistikken, mellom anna tal på faste breiband i bedrifts- og privatmarknaden. Medan internettmålinga deler abonnementa etter kommune og hastigheit, skil PT etter kva for teknologi som vert nytta. Totaltala skal vere om lag dei same. Sjå Post- og teletilsynet sin statistikk .

For meir informasjon , sjå Om statistikken .

Tabeller: