351474
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/aar
351474
statistikk
2018-10-01T08:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
true

Bruk av IKT i næringslivet

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

78 %

av føretaka har heimeside

Bruk av IKT i næringslivet1
2015201620172018
1Føretak med minst 10 sysselsette.
Del av føretaka med bruk av IKT per januar
Alle typar breiband94939495
Faste breiband i alt88878589
Høgaste nedlastingshastigheit minst 30 Mbit/s37444550
Har heimeside80808078
2014201520162017
Del av føretaka med bruk av IKT per år
Utført elektronisk handel66576766

Om statistikken

Statistikken dekkjer mellom anna tema som nettilgang og bruk av IKT-spesialistar i føretaka, netthandel og nettsal, og føretaka sin bruk av nettskytenester, sosiale medium, e-faktura med meir. Tala kjem frå ei spørjeundersøking til norske føretak, som er utvikla i samarbeid med andre europeiske land.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Breiband

tosidig kommunikasjonsnett som kan overføre ulike former for data som tekst, lyd, og levende bilete og som må kunne bære nye tenester og tillate at mange bruker nettet samtidig.

Fast breiband

Fast tilknyting til Internet, for eksempel med DSL-teknologi.

Mobilt breiband

Mobil tilknyting til Internett via mobiltelefonnettverket.

Breibandstelefoni

Breibandstelefoni er ein teknologi for å føra telefonsamtalar over Internett der talen overførast som datapakke.

Elektronisk handel

Elektronisk handel inkluderer bestillingar via elektroniske nettverk, både Internett og andre samband mellom datamaskiner i forskjellige føretak. Betaling og leveranse må ikkje nødvendigvis ordnast via elektroniske nettverk. Elektronisk handel kan gjerast via heimesider eller automatisert datautveksling mellom føretak, men manuelt inntasta meldingar via vanleg e-post inkluderast ikkje.

Automatisert datautveksling

Automatisert datautveksling mellom føretaket og andre IKT-system tyder utveksling av meldingar (for eksempel bestillingar, betalingstransaksjonar eller skildringar av varer) via Internett eller andre nettverk i eit avtalt format som tillet automatisk behandling (for eksempel XML, EDIFACT, osv.) utan at den enkelte melding blir tasta inn manuelt.

Sosiale medium

Medium (kanalar eller plattformer) som ved hjelp av Internett eller nettbasert teknologi opnar for interaksjon mellom to eller fleire menneske (brukarar).

Nettskytenester

Omfattar IKT-tenester som vert brukte over Internett, og som blir leverte frå serverane til tenesteprodusentane. Tenestene gir blant anna tilgang til programvare, datakraft og lagringskapasitet.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007).

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Bruk av IKT i næringslivet
Emne: Teknologi og innovasjon

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets utvikling

Regionalt nivå

Nasjonalt.

Kor ofte og aktualitet

Årleg. Statistikken publiserast i august/september med informasjon om tilgang til ulike teknologiar i 1. kvartal same året og omfanget/volumet til elektronisk handel for det føregåande året. Før 2014 var telletidspunktet januar.

Internasjonal rapportering

Eurostat, OECD og FN.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon blir lagra mellombels i programspråket SAS og blir langtidslagra som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å kartleggja bruken av IKT og elektronisk handel i næringslivet. Undersøkinga er basert på internasjonalt samarbeid, og gjev resultat som er internasjonalt samanliknbare. Undersøkinga vart starta opp i 1999. Eurostat har støtta undersøkinga økonomisk.

Brukarar og bruksområde

Eurostat er ein viktig brukar av statistikken. Statistikken vert brukt av fleire departement, Innovasjon Norge, næringsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar, media og internasjonale organisasjonar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Opplegget for undersøkinga vart fyrst utarbeidd som eit felles nordisk prosjekt. Innhaldet i undersøkinga har såleis vorte samordna med dei andre nordiske landa. F.o.m. 2001 publiserer fleire andre europeiske land, på grunn av eit initiativ frå Eurostat, statistikk om bruken av IKT i næringslivet.

Denne undersøkinga er tilpassa innhaldet i undersøkinga til Eurostat. F.o.m. 2001 er det publisert statistikk som samanliknar bruken av IKT i norsk næringsliv med tilhøva i næringslivet i andre europeiske land.

Delar av undersøkinga blir også brukt i EUs "Digital Agenda Scoreboard" for samanlikning av aktuelle indikatorar.

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EØS-referanse

Råds - og parlamentsforordning (EF) nr. 808/2004 for statistikk om informasjonssamfunnet.

Produksjon

Omfang

Populasjonen for undersøkinga femner føretakene med minst 10 sysselsette i de følgende næringsområdene (SN2007):

C Industri (10-33); D Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn (35); E Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd (36-39); F Byggje- og anleggsverksemd (41-43); G Varehandel, reparasjon av motorvogner (45-47); H Transport og lagring (49-53); I Overnattings- og serveringsverksemd (55-56); J Informasjon og kommunikasjon (58-63); K Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19); L Omsetning og drift av fast eigedom (68); M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (69-74); N Forretningsmessig tenesteyting (77-82); S Anna tenesteyting (95.1).

Frå og med 2014 er ikkje næring K Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19) inkludert i undersøkinga. 

Datakjelder og utval

Elektronisk spørjeskjema frå uttrekte føretak. Trekkepopulasjonen vert danna frå Verksemd- og føretaksregisteret til SSB.

Undersøkinga vert trekt blant alle føretak i Verksemd- og føretaksregisteret med minst 10 sysselsette. Det vert stratifisert etter næring og storleiken til føretaka målt etter sysselsetjing. Mellom føretak med 10-19 sysselsette vert det trekt eit utval på 7,5%, mellom føretak med 20-49 sysselsette vert det trekt eit utval på 15%, mellom føretak med 50-99 sysselsette vert det trekt eit utval på 50%, mellom føretak med 100-249 sysselsette vert det trekt eit utval på 75% og mellom føretak med minst 250 sysselsette vert alle trekt. Dei same utvalsprosentane er nytta innanfor alle dei utvalde næringane.

Det er om lag 5000 føretak i utvalet.

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Data innsamles via elektronisk spørjeskjema på Internett. Skjema overførast direkte til ein database. Datainnsamling skjer i løpet av 1. kvartal.

Oppgåvene blir manuelt og maskinelt kontrollert og editert. Data vert sjekka for summeringsfeil og logisk inkonsistens.

Undersøkinga byggjer på ei inndeling av føretaka etter næringsgrupper, antall sysselsette og størrelse av omsetningen.

Tala skal representera bruken av IKT både i næringslivet samla og innanfor dei einskilde næringane, sysselsetjingsgruppene. Datamaterialet vert difor blåst opp (vekta). Målet med vektinga er å blåsa opp einingane i utvalet slik at eigenskapane til utvalet etter fråfall samsvarer mest mogleg med populasjonen. Vektene er basert på tilhøvet mellom trekkpopulasjonen og utvalet innanfor kvar einskild gruppe eller stratum og tek omsyn til eventuelle skeivfordelingar i fråfallet.

Omsetningstal for elektronisk sal

I spørjeskjemaet for undersøkinga blir føretaka bedne om å oppgje ei skjønnsmessig vurdering i prosent for delen av total omsetning som kjem frå nettsal til private forbrukarar, nettsal til andre føretak eller offentlege styresmakter og EDI-sal. Summen av nettsal til private forbrukarar og til andre føretak eller styresmakter gir oss delen av total omsetning som kjem frå nettsal. For å rekne ut delen av omsetning som kjem frå nettsal og EDI-sal i kroner, blir omsetningstal frå året før benytta.

 

 

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar skjer i samsvar med krav stilt av Statistikklovas føresegn. Opplysningane blir tatt vare på på ein forsvarleg måte. Det er ikkje mogleg å identifisera føretakssensitiv informasjon ut i frå statistikken.

Samanlikningar over tid og stad

Til og med statistikkåret 2008 var føretak med minst 5 sysselsette med i populasjonen. Frå og med 2009 vert grensa endra til minst 10 sysselsette.

Frå og med 2014 er næring K, Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19), tatt ut av undersøkinga.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Målefeil kan i hovudsak oppstå ved at oppgavegjevar mistolker og rapporterer feil. Bearbeidingsfeil er i hovudsak feil som blir påført data etter at dei er moteken i Statistisk sentralbyrå. Bruk av elektronisk rapportering i ein statistikk reduserer denne type feil.

Generelt sikrar produksjonsrutinane at det blir utført kontrollar både på detaljert nivå og høgareliggjande nivå.

Frafallsfeil i undersøkingar oppstår anten ved at oppgåvegjevar ikkje returnerer skjema, eller at skjemaet er mangelfullt utfylt. Svarprosenten på IKT-bruk i næringslivet er om lag 95 prosent.

Utvalsfeilen skildrar utryggleiken som er skapt av at tala produserast på grunnlag av eit utval einingar og ikkje heile populasjonen. Utvalsfeilen syner altså det forventa avviket mellom utvalets resultat og eit potensielt resultat frå ei undersøking av heile populasjonen.

Opplysningane i Verksemd- og føretaksregisteret er ikkje alltid fullt ut oppdaterte. Det medfører feilklassifisering av nokre føretak.

I berekninga av omsetningstal for elektronisk sal er det to potensielle kjelder til usikkerhet som bør nemnast. I undersøkinga blir føretaka bedne om å gjere ei skjønnsmessig vurdering for delen av omsetninga som kjem  frå nettsal og EDI-sal. Dette fører til at dei fleste avrundar til næraste 10-prosent. Bruken av omsetningstal frå året før gjer og at det er knytta usikkerhet til estimatene.

Revisjon

Ikkje relevant

Analysar, artiklar og publikasjonar

Nettreklame meir populært blant norske føretak

Nettreklame meir populært blant norske føretak

Publisert 1. oktober 2018

Nesten halvparten av norske føretak med minst ti sysselsette betalar for å vise reklame på internett. Dette er ei auke frå 36 prosent i 2016.

Les artikkelen
6 av 10 mottatte fakturaer i kommunene er EHF

6 av 10 mottatte fakturaer i kommunene er EHF

Publisert 9. august 2017

59 prosent av fakturaene norske kommuner mottok i 2016 var EHF-faktura, og det er de store kommunene som leder an.

Les artikkelen
Hvert femte norske foretak har ansatt egne IKT-spesialister

Hvert femte norske foretak har ansatt egne IKT-spesialister

Publisert 12. mai 2017

19 prosent av de norske foretakene har én eller flere IKT-spesialister ansatt i 2016. Dette er på nivå med gjennomsnittet i EU. Andelen er betydelig større blant de store foretakene.

Les artikkelen
Tre av fire har handlet på nett det siste året

Tre av fire har handlet på nett det siste året

Publisert 4. januar 2017

75 prosent av nordmenn mellom 16 og 79 år har handlet på nett de siste tolv månedene. Personer med høyere utdanning er de mest flittige netthandlerne.

Les artikkelen
Norge i Europatoppen på digitale ferdigheter

Norge i Europatoppen på digitale ferdigheter

Publisert 19. mai 2017

Nesten halvparten av oss har gode digitale ferdigheter. I Europa er bare Danmark og Luxembourg bedre. Ni av ti nordmenn sender regelmessig e-post, og like mange bruker nettbank.

Les artikkelen
Bredbåndshastigheten i Norge nidoblet på åtte år

Bredbåndshastigheten i Norge nidoblet på åtte år

Publisert 6. april 2017

Gjennomsnittshastigheten på private faste bredbånd har økt fra 5,0 Mbit/s i 4. kvartal 2008 til 47,0 Mbit/s i samme kvartal 2016. Antall bredbånd per 100 husholdninger har i samme periode økt fra 68 til 84.

Les artikkelen
Bruker sosiale medier til omdømme og rekruttering

Bruker sosiale medier til omdømme og rekruttering

Publisert 5. oktober 2017

Staten og næringslivet benytter sosiale medier særlig til omdømmeutvikling. 3 av 4 statlige virksomheter og 3 av 5 foretak i næringslivet bruker sosiale medier som hjelp til rekruttering.

Les artikkelen
Handler privat innkvartering på nett

Handler privat innkvartering på nett

Publisert 4. oktober 2017

Én av ti mellom 16 og 79 år har brukt nettsted eller app til å ordne innkvartering fra en annen privatperson det siste året. For transporttjenester er andelen omtrent den samme.

Les artikkelen
Unge og høyt utdannede er flinkest foran PC-en

Unge og høyt utdannede er flinkest foran PC-en

Publisert 6. juni 2017

Seks av ti nordmenn mellom 16 og 34 år har gode digitale ferdigheter. I aldersgruppen 55-74 år er andelen under halvparten så stor. Kvinner har mer erfaring med sosiale medier som Facebook, mens menn er mer vant til å løse oppgaver digitalt.

Les artikkelen
Inntekt påvirker utbredelse og kvalitet på bredbånd

Inntekt påvirker utbredelse og kvalitet på bredbånd

Publisert 27. september 2016

Utover tallet på husholdninger har antall hytter, inntekt og lokale leverandører betydning for utbredelse av bredbånd. For kvaliteten spiller andel husholdninger i tettbygd strøk, barnefamilier og inntekt inn. Markedsforholdene har liten betydning for kvaliteten.

Les artikkelen
Økt konkurranse i det lokale bredbåndsmarkedet

Økt konkurranse i det lokale bredbåndsmarkedet

Publisert 26. februar 2016

I 2015 sto 6 nasjonale leverandører for 70 prosent av faste, private bredbånd. 82 lokale enheter og 46 regionale hadde på samme tid en markedsandel på henholdsvis 6 og 25 prosent. Siden 2013 har konkurransen i lokale markeder for bredbånd økt.

Les artikkelen

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB