13736_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13736
Fleire og raskare breiband
statistikk
2006-03-01T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire og raskare breiband

Det var 828 000 breibandsabonnement ved utgangen av 2. kvartal 2005. Det var 317 000 fleire enn i same periode i 2004, ein auke på 62 prosent. Mange har også fått raskare breiband.

Av desse var 744 000 private breibandsabonnement, noko som er auke på 64 prosent frå same tid i fjor. I bedriftsmarknaden var det 84 500 abonnement, 48 prosent fleire enn i 2. kvartal 2004.

Oslo og Rogaland er fylka med flest breibandsabonnement i høve til hushalda med høvesvis 45,9 og 45,2 prosent. Akershus har også ein høg del abonnement, med 43 prosent. Hedmark, Oppland, Telemark, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag er fylka med minst breiband med 28 prosent i høve til hushalda.

Det er ei endring i overføringskapasiteten i dei private breibandsabonnementa. Det har blitt relativt fleire abonnement i overføringskapasitetane frå 704 kbit/s til og med 1 Mbit/s. Sjølv om det har blitt fleire abonnement på 1 Mbit/s, er framleis 704 kbit/s det mest vanlige. På landsbasis har abonnement med overføringskapasitet 2 Mbit/s til 8Mbit/s auka med 113 prosent sidan førre kvartal. Vest-Agder er fylket med størst del breibandsabonnement over 1 Mbit/s, kor 45 prosent av abonnementa har denne overføringskapasiteten. I Finnmark er tilsvarande tal på 13 prosent.

 

Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si sentralitetskode. 2. kvartal 2005
 
Sentralitet1 Breibands-abonnement Breibands-abonnement i prosent av hushalda
 
Minst sentrale kommunar 61 073 24
Mindre sentrale kommunar 41 829 30
Noko sentrale kommunar  175 833 35
Sentrale kommunar  464 889 42
 
1 Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192).

 

Deler ein inn kommunane etter SSBs Standard for kommuneklassifisering ser ein at dei sentrale kommunane har høgast grad breibandsabonnement i høve til hushalda med 42 prosent. Til samanlikning er det berre 24 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.

Det er seks kommunar kor det er meir enn 50 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. 5 av desse 6 kommunane ligg i Rogaland. På kommuneoversikten med relativt flest breibandsabonnement skil også Akershus seg ut, og heile 8 av dei 25 kommunane med flest breiband i høve til hushalda kjem herfrå.

Ved utgangen av andre kvartal 2005 var det 6 av landets 433 kommunar som hadde få (under 10) eller ingen breibandsabonnement frå kommersielle internettleverandørar. Dette var kommunane Modalen i Hordaland, Nesset i Møre og Romsdal, Lurøy og Rødøy i Nordland og Kåfjord og Kvalsund i Finnmark. Samstundes veit vi at Modalen har 100 prosent breibandsdekning gjennom ein spesialordning i regi av si eiga kommune.

 

Kommunar med flest private breibands-abonnement ved utgangen av 2. kvartal 2005 i høve til hushalda1
 
Kommunar Breibandsabonnement i prosent av husholda
 
Landsgjennomsnitt       37,1
0941 Bykle 59,4
1120 Klepp 54,5
1127 Randaberg 54,2
1122 Gjesdal 54,1
1124 Sola 53,8
1103 Stavanger 51,1
1102 Sandnes 49,8
1563 Sunndal 49,2
0220 Asker 48,8
0216 Nesodden 48,7
1556 Frei 48,0
0217 Oppegård 48,0
1804 Bodø 47,6
0215 Frogn 47,6
1528 Sykkylven 47,0
0213 Ski 46,9
0706 Sandefjord 46,6
0231 Skedsmo 46,1
1621 Ørland 46,0
0301 Oslo 45,9
0219 Bærum 45,9
1001 Kristiansand 45,3
0234 Gjerdrum 45,3
1601 Trondheim 44,9
1121 Time 44,6
 
1 Berre basert på data frå kommersielle internett-leverandørar.

 

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang igjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga "IKT i husholdningene", http://www.ssb.no/ikthus/, for tal på hushald med breibandstilgang.

For meir informasjon sjå i Om statistikken.

 

Tabeller