13738_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/arkiv
13738
Oslo er breibandsfylket
statistikk
2005-06-20T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå), breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false

Internett-målinga (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oslo er breibandsfylket

Det var 778 000 breibandsabonnement ved utgangen av første kvartal 2005. Tilsvarande tal for første kvartal 2004 var 478 000, og inneber ein auke på 63 prosent.

Privatmarknaden. Breibandsabonnement (overføringskapasitet over 128 kbit/s) i prosent av hushalda. 1. kvartal 2005. Kommunar

Av desse var 695 000 private breibandsabonnement, noko som er ein auke på 62 prosent frå same tid i fjor. I bedriftsmarknaden var det 84 000 abonnement - ein auke på 67 prosent frå 1. kvartal 2004.

Breibandsabonnement fordelt etter marknad. 3. kvartal 2002 - 1. kvartal 2005

Oslo er framleis fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda med 45 prosent. Rogaland og Akershus har også ein høg del abonnement, med høvesvis 43 og 42 prosent. Hedmark, Oppland og Sogn og Fjordane er fylka med relativt minst breiband med 24 prosent.

Sida sist kvartal har det skjedd ei endring i overføringskapasiteten i dei private breibandsabonnementa. Det har blitt relativt fleire abonnement i overføringskapasitetane frå 704 kbit/s til og med 1 Mbit/s. Sjølv om det har blitt fleire abonnement på 1 Mbit/s, er framleis 704 kbit/s det mest vanlege. Nordland er fylket med størst del breibandsabonnement over 1 Mbit/s, kor 37 prosent av abonnementa er dette. I Finnmark er tilsvarande tal på 11 prosent.

Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si
sentralitetskode. 1. kvartal 2005
Sentralitet1 Breibandsabonnement Breibandsabonnement i prosent av hushalda
Minst sentrale kommunar 51 094 19,7
Mindre sentrale kommunar 36 147 25,7
Noko sentrale kommunar  159 051 32,0
Sentrale kommunar  447 398 40,6
1  Standard for kommuneklassifisering. Statistisk sentralbyrå 1994 (NOS C 192).

Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering ser ein at dei sentrale kommunane har høgst grad breibandsabonnement i høve til hushalda med 41 prosent. Til samanlikning er det berre 20 prosent av dei minst sentrale kommunane som har dette.

Det er fire kommunar kor det er meir enn 50 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda, og alle desse ligg i Rogaland. På kommuneoversikten med relativt flest breibandsabonnement skil også Akershus seg ut, og heile 7 av dei 20 kommunane med relativt flest breiband kjem herfrå.

Ved utgangen av første kvartal 2005 var det 17 av landets 433 kommunar som hadde få (under 10) eller ingen breibandsabonnement.

Kommunar med flest private breibands-
abonnement ved utgangen av 1. kvartal 2005 i
høve til hushalda. Berre basert på data frå
kommersielle Internettleverandørar
Kommunar Breibandsabonnement i prosent av hushalda
Landsgjennomsnitt 34,8
   
1124 Sola 54,2
1127 Randaberg 52,9
1122 Gjesdal 51,8
1103 Stavanger 50,9
0217 Oppegård 48,6
0220 Asker 48,2
1102 Sandnes 47,8
0216 Nesodden 46,3
0219 Bærum 46,3
1556 Frei 46,1
0215 Frogn 45,8
1528 Sykkylven 45,7
0301 Oslo 45,4
1601 Trondheim 45,3
0231 Skedsmo 45,2
1804 Bodø 45,2
1120 Klepp 44,8
1563 Sunndal 43,8
0213 Ski 43,5
2004 Hammerfest 43,5

Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang igjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga "IKT i husholdningene", for tal på hushald med breibandstilgang.

For meir informasjon sjå i Om statistikken.

Tabeller: