Person og mynter, illustrasjon

Reallikninga er ein identitet som utrykker samanhengen mellom tilgangen på og bruken av varer og tenester i økonomien. Identiteten seier at tilgangen må være lik bruken (UiO, 2022, s. 6).

Korleis ser dette ut dersom vi ser for oss at vi er innbyggarar i det einaste landet i verda, eller i ein økonomi som er lukka overfor utlandet? Då vil den økonomiske situasjonen for landet samla sett vere slik at vi kan bruke dei verdiane som blir skapte anten til forbruk eller til å investere i varige, fysiske verdiar.

På fagspråket til økonomar bruker vi ofte ordet konsum for forbruk. Eksempel på konsum (forbruket) er kjøp av matvarer og frisørtenester. Eksempel på investering er kjøp av bustad.

I vår lukka økonomi ser reallikninga slik ut:

(a) Verdiskapinga i landet = Konsum + Bruttoinvestering

Men den verkelege verda er ikkje lukka. Noreg handlar med andre land: Vi sel og kjøper varer og tenester. Eller sagt på ein annan måte: Vi eksporter og importerer. Vi seier gjerne at Noreg er ein open økonomi. I den opne økonomien er reallikninga slik:

(b) Verdiskapinga i landet + Import = Konsum + Bruttoinvestering + Eksport eller

(c) Verdiskapinga i landet = Konsum + Bruttoinvestering + Eksport -Import

I (c) har vi flytta import over til den andre sida av likskapsteiknet, og då byter import forteikn.

Ettersom vi gjerne deler opp økonomien i privat og offentleg sektor, kan vi seie at:

(d) Verdiskapinga i landet (Y) + Import (Q) = Private sitt konsum (C) + Offentleg sektor sitt konsum (G) + Brutto investering (I) + Eksport (X)

I likninga i d) har vi sett symbol som ofte blir brukte for reallikninga i parentes. Vi kan altså få tilgang på varer og tenester både gjennom det vi skaper i vårt eige land og gjennom vare- og tenesteimporten. Vi kan bruke dei varene og tenestene vi har tilgang på til konsum og investering i offentleg og privat sektor og til eksport. I figur 1 ser du tala for dei ulike storleikane i reallikninga slik dei er i nasjonalrekneskapen for Noreg for 2022. Merk at i nasjonalrekneskapen blir verdiskapinga for Noreg målt gjennom storleiken "Bruttonasjonalprodukt" (BNP). Du kan lære meir om BNP i del 3.

Figur 1. Realligningen i en åpen økonomi

Realligningen i en åpen økonomi, illustrasjon

Figuren er ein illustrasjon av reallikninga i en open økonomi. Figuren seier at vi får tilgang på varer og tenester både gjennom det vi skaper i vårt eige land og gjennom vare- og tenesteimporten. Og at vi bruker dei varene og tenestene vi har tilgang på til konsum og investering i offentleg og privat sektor og til eksport.

Figuren viser at samla tilgang= samla bruk

Samla tilgang, dei enkelte komponentane med talverdiar for 2022 i løpande prisar:

Verdiskapinga i landet/Bruttonasjonalproduktet (BNP) (symbol Y) = 5 571 milliardar kroner +

Import (symbol Q): 1 521 milliardar kroner

Samla bruk, dei enkelte komponentane med talverdiar for 2022:

Privat konsum (symbol: C) = 1 806 milliardar kroner

Offentleg konsum (symbol: G) = 1 037 milliardar kroner

Bruttoinvestering (symbol: I) = 1 148 milliardar kroner

Eksport (symbol X) = 3 101 milliardar kroner

 

Kjelde: Statistikkbanktabell 09189 Makroøkonomiske hovedstørrelser

Gjer oppgåve A og lær korleis omgrepa i reallikninga blir definerte i nasjonalrekneskapen. Gjer oppgåve B og lær meir om tala frå nasjonalrekneskapen i reallikninga. 

Statistisk sentralbyrå. (2023). Nasjonalregnskap. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap

Universitetet i Oslo. (2022, 13. januar (lasta ned)). Kapittel 2 Nasjonalregnskapet. Henta frå uio.no: https://www.uio.no/studier/emner/sv/oekonomi/ECON1310/h16/pres-nasjonalregnskap.pdf