Geometrisk bilde med hvit halvsirkel øverst og svart spiss nederst, illustrasjon

Kva skal de gjere?

  1. Klassen ser på tabell 1 og les tekst 1 under oppgåva saman.  Les orda i kursiv skrift nøye. Kva trur du dei tyder?
  2. Les tekst 1 under oppgåva åleine eller i ei lita gruppe. Skriv ned andre ord du synest er vanskelege å forstå.
  3. Klassen skriv orda inn i ordbanken saman. Snakk om kva dei tyder. Du finn lenke til fila med ordbanken etter spørsmål 4
  4. Omsett orda til morsmålet ditt. Bruk ordbanken og hjelpemiddel for å omsette. Hjelpemiddel du kan bruke, er for eksempel Nynorskordboka (ordbokene.no) eller Store norske leksikon (snl.no).

Tabell 1 viser korleis folkemengda i Noreg har auka, og korleis vi ventar at ho utviklar seg framover (framskriven folkemengde). Noregs befolkning har auka med 2,2 millionar sidan 1950. 1. januar 2023 hadde Noreg nesten 5,5 millionar innbyggarar. Dei første åra etter den andre verdskrigen var den årlege befolkningsveksten om lag 1 prosent. Grunnen til dette var først og fremst høge fødselstal.

Frå midten av 1970-talet var befolkningsveksten svak. I dei siste tiåra har veksten auka igjen. Etter 2004 har det vore klart høgare innvandring enn i åra før. Det har bidrege til vidare folkevekst, sjølv om antal barn som kvar kvinne i gjennomsnitt føder, har sokke til rekordlåge nivå.

I 2020 var det korona og veldig låg innvandring (38 075). I 2021 var innvandringa like stor som før pandemien (53 947). I 2022 auka ho att og var rekordhøg på grunn av krigen i Ukraina (90 475).

Kjelde: Dette er Norge 2021BefolkningNasjonale befolkningsframskrivinger og Flyttinger, Statistisk sentralbyrå