Diplom, illustrasjon
  1. Gå til ssb.no og statistikkbanktabell 11536: Årslønn, etter sektor, statistikkvariabel og år. Finn ut kva gjennomsnittslønna var i Noreg i dei siste to åra som du finn tal for. NB: Talet du får ut frå tabellen er gjennomsnittslønna, men variabelen heiter årslønn.
  2. Les artikkelen Hva er vanlig lønn i Norge? Korleis kan ein berekne gjennomsnittleg lønn? Og finne ut kva som er medianlønn? Kva var medianlønna i Noreg i 2023?
  3. Kvifor har 60 prosent av lønnstakarane lågare lønn enn gjennomsnittet, ifølgje artikkelen?
  4. Sjå på tabellen som artikkelen viser til over median og gjennomsnittleg lønn i 2023 for alle dei om lag 400 yrka SSB har lønnsstatistikk for. Vel ut fem yrke frå «Jeg vil sammenligne» på utdanning.no som du og sidemannen din er interesserte i, og finn ut korleis gjennomsnitts- og medianlønna er for yrka. Er tala for lønn i desse fem valde yrka over eller under tala de fant for gjennomsnittslønn og medianlønn i Noreg i 2023 for alle yrka samla? NB: Her må de gonge månadslønna med 12 for å finne årslønn.