Over tid har talet på barn og unge som får tiltak frå det kommunale barnevernet gått ned. Artikkelen om barnevernstala for 2021 omtaler nedgangen i perioden frå 2017 til 2021. Offisiell statistikk for barnevernet for 2022 viser at nedgangen fortsett i enda større grad.

Mindre aktivitet i barnevernet

Barnevernet skal gjennomgå meldingar og gjennomføre undersøkingar for barn under 18 år, men tiltak kan setjast i verk for unge inntil dei fyller 25 år. Figur 1 syner utviklinga i aktiviteten i barnevernet for aldersgruppa under 18 år i perioden frå 2017 til 2022.

Figur 1. Barn i alderen 0-17 år med melding, starta undersøking og tiltak frå barnevernet i løpet av året og per 31.12. 2017-2022. Absolutte tal

I perioden frå 2017 til 2022 har det vore ein reduksjon i tala for høvesvis barn med melding i løpet av året, barn med starta undersøking i løpet av året, barn med barnevernstiltak i løpet av året og ved utgangen av året.

Reduksjonen frå 2021 til 2022 har vore sterkare enn tidlegare. Tala viser ein nedgang på 8 prosent for meldingar og 10 prosent for starta undersøkingar, og det var 9 prosent færre barn med tiltak frå barnevernet ved utgangen av 2022 samanlikna med 2021.

Færre med tiltak over heile landet

Det var færre barn og unge med tiltak i alle fylka. Størst nedgang var det i Rogaland, der over 11 prosent færre barn og unge fekk tiltak i løpet av 2022. Minst nedgang var det i Innlandet fylke, med ein reduksjon på 3 prosent frå 2021 til 2022.

Figur 2. Barn og unge i alderen 0-24 år med barnevernstiltak i løpet av året, etter fylke. 2021 og 2022. Absolutte tal

Figuren over viser at det var flest barn og unge med tiltak i Viken. Men om ein ser tala saman med folketalet så er Viken, med 20,7 barn og unge med tiltak per 1 000 i alderen 0-24 år, i midten blant fylka. Innlandet fylke har flest barn og unge med tiltak ved utgangen av 2022 i høve til folketalet med 25,2 per 1 000 i aldersgruppa. I Oslo er det færrast med 16,7 per 1 000.

Størst nedgang i meldingar og undersøkingar i Agder

Barnevernet har motteke meldingar og starta undersøking av færre barn i alle fylka. I Agder var det størst nedgang, med 18-19 prosent færre barn med meldingar og starta undersøkingar i 2022 samanlikna med 2021. Nabofylket Rogaland og Viken er fylka med minst nedgang.

Ikkje berre færre blant dei yngste

Det er blant dei aller yngste, dei under 2 år, at reduksjonen i barn med tiltak har vore sterkast dei siste åra. Men i 2022 var nedgangen nesten like stor blant barna i alderen 3-5 år og 6-12 år. Reduksjonen var mellom 10 og 12 prosent i kvar av dei tre yngste aldersgruppene det siste året.

Det er stor skilnad på kor mange barn med tiltak det var i dei ulike aldersgruppene. Færrast var det i alderen 0-2 år, med 2 050 barn med barnevernstiltak i løpet av 2022. Til samanlikning var det 4 500 barn med tiltak i aldersgruppa 3-5 år og 17 500 barn i alderen 6-12 år. I aldersgruppa 13-17 år var det 14 850 barn med tiltak, og ein mindre nedgang enn for dei andre gruppene med 4 prosent færre barn med tiltak i løpet av 2022 samanlikna med 2021.

I den eldste aldersgruppa 18-24 år, var talet på unge med tiltak omtrent uendra frå 2021 til 2022, vel 8 100 i løpet av året. Men ved utgangen av 2022 var det nesten 4 prosent færre unge med tiltak samanlikna med utgangen av 2021. Dette er ei aldersgruppe som over tid har vore i vekst - dei som får ettervern frå barnevernet.

Nedgang også blant barn og unge som har innvandrarbakgrunn

Folketala viser at talet på Barn og unge med innvandrarbakgrunn. Innvandrarar er personar som er fødde i utlandet av utanlandsfødde foreldre, og som har fire utanlandsfødde besteforeldre. Norskfødde med innvandrarforeldre er personar som er fødde i Norge med to foreldre som er fødde i utlandet, og som i tillegg har fire besteforeldre som er fødde i utlandet. Til saman er desse to gruppene alle med innvandrarbakgrunn. i alderen 0-17 år auka med vel 15 prosent i løpet av 2022. Det er ikkje grunn til å seie at denne auken har hatt noko større utslag på tala som inngår i offisiell statistikk for barnevernet.

Talet på innvandrarbarn i alderen 0-17 år med barnevernstiltak gjekk ned frå 2021 til 2022, noko det har gjort sidan 2017. Men tala syner ein liten  auke av innvandrarbarn med meldingar og starta undersøkingar i løpet av 2022 med høvesvis 4 og 2 prosent.

Figur 3. Innvandrarbarn i alderen 0-17 år med melding, starta undersøking og tiltak frå barnevernet i løpet av året og per 31.12. 2017-2022. Absolutte tal

Tala viser elles at det for gruppa norskfødde barn og unge med innvandrarforeldre, har vore ein reduksjon ikkje berre i tiltak, men òg i talet på meldingar og undersøkingar. Sjølv om det også for denne gruppa var ein liten auke i folketalet.