19453_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19453
Kvar nordmann sorterte 118 kilo avfall
statistikk
2000-06-28T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kvar nordmann sorterte 118 kilo avfall

I gjennomsnitt sorterte kvar innbyggjar ut 118 kilo hushaldningsavfall i 1999. Dette svarar til 38 prosent av dei 1,4 millionar tonn med hushaldningsavfall som var samla inn. Totalt vart det sortert ut 524 000 tonn avfall for material- og energigjenvinning. Dette er ein auke på 70 000 tonn frå 1998, og meir enn sju gonger så mykje som i 1992.

 Hushaldningsavfall totalt og utsortert for material- og energigjenvinning. 1974-1999. Kilo per innbyggjar

Tala er henta frå ei utvalsgransking som Statistisk sentralbyrå har gjort i 50 kommunar og interkommunale avfallsselskap. Totalt har om lag 140 av landets 435 kommunar vore representerte i utvalet.

Det er registrert ein auke i mengda hushaldningsavfall heilt sidan dei første granskingane vart gjort på byrjinga av 1970-talet. I 1974 leverte kvar innbyggjar i snitt 174 kilo hushaldningsavfall, og i fjor hadde mengda auka til 314 kilo. Auken i hushaldningsavfallet har vore høgast dei siste åra. Tendensen er i motsetnad til miljøvernmyndigheitene si tidlegare målsetjing for avfallspolitikken, som har vore å redusere avfallsmengdene.

 Hushaldningsavfall til energi- og materialgjenvinning, etter materiale. 1999. Prosent

Utsorteringa av avfall aukar

Det arbeidet som hushalda gjer med utsortering av ulike typar avfall viser seg tydeleg i statistikken. Av totalt 1,4 millionar tonn hushaldningsavfall som vart samla inn i fjor vart 524 000 tonn utsortert til material- og energigjenvinning. Rundt om i landet er det ulike løysingar for korleis innsamlinga foregår. Det mest vanlege er at dei utsorterte fraksjonane anten vert henta eller at vi fraktar avfallet til lokale eller sentrale mottaksstasjonar/miljøstasjonar. I tillegg er det ved dei fleste avfallsplassane mogleg å sortere avfallet ved levering. Kvar nordmann utsorterte 118 kilo. Dette er 5 kilo meir per innbyggjar enn i 1998.

Både sentrale miljøvernmyndigheiter og kommunane har dei seinare åra sett i verk tiltak for å auke utsorteringa av avfall. Dette har gitt seg utslag i at mengdene som vert utsortert har auka år for år. Dei siste åra har auken i mengda hushaldningsavfall som vert utsortert vore større enn den totale auken i mengda hushaldningsavfall. Dette har ført til at restmengda som vert brent eller deponert har gått ned. Frå 1998 til 1999 er avfallsmengda til deponi og forbrenning redusert med om lag 40 000 tonn.

Av dei 524 000 tonn hushaldningsavfall som vart utsortert til material- og energiutvinning utgjorde papir, papp og kartong 48 prosent, våtorganisk avfall 16 prosent, treavfall 11 prosent, park- og hageavfall 10 prosent, medan jern og metall utgjorde 7 prosent og glas 5 prosent. Andre materiale stod kvar for seg for under 3 prosent av mengda.

Næringsavfall

Statistikken omhandlar òg den delen av næringsavfallet som vart handtert i dei kommunale renovasjonsordningane. Statistikken viser at det kan ha vore ein sterk nedgang i mengda næringsavfall som kommunane tek hand om. Det kan vere fleire årsaker til dette:

I ei utvalsteljing er det vanskeleg å fange opp alt næringsavfall i dei kommunale renovasjonsordningane fordi kommunane har liten oversikt over den mengda avfall som oppstår i eigen kommune, men som vert deponert/levert på kommunale anlegg i omkringliggjande kommunar.

I 1999 kom det ei statleg avgift på 300 kroner per tonn avfall som vart deponert. Denne avgifta gjer det meir lønsamt for verksemder å sortere avfall framfor å levere usortert restavfall til deponi.

Det er etablert fleire private verksemder som tek imot sortert avfall for vidare sal/handtering eller at dei tek imot usortert næringsavfall for sortering og vidare sal/handtering.

Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere privatavfall og næringsavfall kvar for seg. Dette vert det korrigert for.

Av desse punkta trur vi at den første forklaringa er den viktigaste. Nokre kommunar meiner at dei til ein viss grad har merka ein nedgang i mengda næringsavfall til deponi etter at slutthandsamingsavgifta vart innført, mens private sorteringsanlegg ikkje gir opp å ha merka ein tilsvarande auke i mengdene som dei tek imot.

Ein bør merke seg at mengdene for fleire av materiala er usikre ettersom tala er henta frå ei utvalsgransking.

Mengd hushaldningsavfall. 1992-1999. Tonn og
kg per innbyggjar
  I alt Utsortert
  I alt Kg per
innbyggjar
I alt Kg per
innbyggjar
Heile landet                   
19921 1 012 192 237    86 363 20
19951 1 173 643 269    212 689 49
19961 1 195 274 274    260 234 60
19971 1 259 333 287    365 898 83
1998 1 363 909 309    452 698 102
1999 1 396 674 314    524 156 118
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldningsavfallet.

Tabeller: