20292
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
20292
Svak nedgang i sjølaksefisket
statistikk
2005-12-02T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i sjølaksefisket

Førebelse tal viser ein fangst på 475 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. Dette er 8 tonn mindre enn året før. Talet på sjølaksefiskarar har gått ned med 13 prosent på to år.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2004 og 2005. Tonn

All fangsten blei teken med kilenot og krokgarn. Fisken var fordelt på 463 tonn laks og 11 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,1 kilo i 2005, det same som året før. I år var 25 prosent av laksen under 3 kilo, 43 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 32 prosent over 7 kilo. Prosenttala for 2004 var respektive 22, 53 og 25.

Finnmark, Troms, Rogaland, Østfold og Vest-Agder hadde auke i fangstane samanlikna med året før. Av dei andre fylka var det Sør-Trøndelag som hadde størst nedgang i 2005. Dette kan ha samanheng med at organisasjonen "Elvene rundt Trondheimsfjorden" har kjøpt opp ein del kilenotrettar som eit ledd i å auke oppgangen av villaks i elvane.

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 170 tonn laks. Dette er om lag 36 prosent av den totale laksemengda. Blant kommunane hadde Namsos, Alta og Sør-Varanger dei største fangstane.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2001-2005. Tonn
  2001 2002 2003 2004 2005*
I alt  709         607       607        482         475
Laks i alt  698  596  597  467  463
Under 3 kilo  198  123  187  103  118
Mellom 3 og 7 kilo  350  308  252  247  197
7 kg og over  150  165  159  118  148
Sjøaure og sjørøye 11 11 10 14 11
Sjøfiske, etter laks og sjøaure.
2004 og 2005*. Kommunar med
størst fangst. Tonn
  2004 2005*
Namsos 63,2          58,4
Alta 15,9 44,6
Sør-Varanger 20,9 22,8
Lebesby 5,8 15,4
Lenvik 6,3 12,3
Loppa 8,3 12,2
Namdalseid 7,2 12,0
Eigersund 9,5 11,8
Porsanger Porsángu Porsanki 5,2 11,4
Rissa 23,6 11,2

Statistikken kjem ut kvart år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB