20314_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20314
Færre arbeidstimar i landbruket
statistikk
2009-02-17T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2007, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre arbeidstimar i landbruket

Det blei utført i alt 121,6 millionar timeverk i landbruket i 2006/07. Dette er 8,8 millionar færre timeverk enn to år tidlegare.

Arbeidsinnsatsen i jordbruket. 1989/90-2006/07. Millionar timeverk

Av den samla arbeidsinnsatsen blei 111.6 millionar timeverk utførte i jord- og hagebruk, 3,5 millionar timeverk i skogbruk og 6,5 millionar timeverk i ymse tilleggssnæringar. Innanfor jord- og hagebruk var nedgangen frå 2004/05 til 2006/07 på 8,1 millionar timeverk. Målt i årsverk svarar dette til ein reduksjon på 4 400 årsverk på 2 år. Mykje av nedgangen kan forklarast med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter, som i perioden har gått ned med 3 100 einingar. Arbeidsinnsatsen i skogbruket gjekk og ned, medan samla timeverksinnsats i tilleggsnæringane låg om lag på same nivået som 4 år tidlegare.

Mange dreiv tilleggsnæring

40 prosent av dei aktive jordbruksbedriftene dreiv ei eller anna form for tilleggsnæring attåt tradisjonelt landbruk i 2007. Med tilleggsnæring meiner ein i denne samanhengen ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta. Dei mest utbreidde tilleggsnæringane var leigekøyring, utleige av jakt- og fiskerettar, utleige av driftsbygningar eller våningshus, vidareforedling av skogvirke og camping, hytteutleige og gardsturisme. Samla bruttoinntekt frå tilleggsnæringane var 2,25 milliardar kronar.

Desse tala skil seg lite frå førebelse tal .

Tabeller: