20316_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/arkiv
20316
Leigekøyring største tilleggsnæring
statistikk
2008-10-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Landbruksundersøkinga2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Leigekøyring største tilleggsnæring

40 prosent av dei aktive jordbruksbedriftene opplyste at dei dreiv ei eller anna form for tilleggsnæring attåt tradisjonelt landbruk i 2007. Den mest utbreidde forma for tilleggsnæring var leigekøyring med bedrifta sine maskinar.

Jordbruksbedrifter med tilleggsnæring, etter storleiken på bruttoinntekt. 2006*. Prosent

I alt opplyste 20 100 jordbruksbedrifter at dei dreiv tilleggsnæring. Av desse hadde 8 900 to eller fleire tilleggsnæringar. Med tilleggsnæring meiner ein i denne samanheng ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta. Til saman vart det registrert 20 ulike kategoriar av næring. Dei mest utbreidde var leigekøyring, utleige av jakt- og fiskerettar, utleige av driftsbygningar eller våningshus, vidareforedling av skogvirke og camping, hytteutleige og gardsturisme.

Variasjon i bruttoinntekt

Tal for bruttoinntekt frå tilleggsnæring vart for første gong registrert i 2007. Samla bruttoinntekt frå tilleggsnæringane var 2,2 milliardar kronar. Generelt var det stor variasjon i storleiken på bruttoinntekta. Snautt halvparten av bedriftene hadde bruttoinntekt under 50 000 kroner og 6 prosent hadde bruttoinntekt over 500 000 kroner. 8 100 jordbruksbedrifter dreiv med leigekøyring, og av desse gav drygt 7 600 opplysningar om bruttoinntekt frå denne aktiviteten. Då er alle typar leigekøyring i og utanfor jordbruket rekna med. Samla bruttoinntekt frå leigekøyringa låg på om lag 730 millionar kroner, noko som gav eit gjennomsnitt på 96 000 kroner per bedrift.

Lågare areal som kan vatnast

I 2007 hadde i alt 8 500 eller 17 prosent av jordbruksbedriftene vatningsanlegg. Tilsvarande tal frå 1999 var 12 500 eller 18 prosent. Arealet som kunne vatnast på desse jordbruksbedriftene utgjorde 11 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2007, ein nedgang på 2 prosentpoeng frå 1999.

Tabeller: