Det er sett strenge krav for å bruke plantevernmiddel i jordbruket. Gjennom ulike handlingsplanar er det mellom anna sett krav om autorisasjonskurs, føring av sprøyte­journal, funksjonstesting av utstyr, prognosevarsling og autorisasjon av forhandlarar.

Forskrift om plantevernmiddel blei revidert i 2015 og implementerer dermed EU sitt plantevernmiddeldirektiv. Integrert plantevern er ein sentral del av det nye regelverket. Mattilsynet har utarbeidd ei rettleiing til det nye plantevern­regelverket.

Bruk av plantevernmiddel på friland

Bruken av plantevernmiddel kan variere frå år til år. Særleg gjeld det middel mot sopp og skadedyr på friland der bruken heng saman med vêrforholda. Statistisk sentralbyrå har med tilskot frå Landbruksdirektoratet undersøkt bruken av plantevernmiddel på frilands­produksjonar i jord- og hagebruk i 2001, 2003, 2005, 2008, 2011, 2014, 2017 og 2022. Under­søkingane omfattar potet, kepalauk, hovudkål, gulrot, jordbær, eple, eng og beite, bygg, havre, vårkveite, haustkveite og oljevekstar. Desse vekstane omfattar om lag 98 prosent av jordbruksarealet i drift.  

Med unnatak for eng og beite, som utgjer om lag to tredelar av arealet, varierte delen av arealet for dei vekstane som blei handsama med plantevernmiddel minst ein gong gjennom vekstsesongen 2022, frå 70 til 98 prosent. Totalt 32 prosent av jordbruksarealet i drift, inklusive eng og beite, blei sprøyta i 2022.

Figur 1. Del av frilandsarealet som blei handsama med kjemiske plantevernmiddel. 2001 - 2022. Prosent

Bruk av plantevernmiddel er i mange høve heilt nødvendig for å sikre god plante­helse og høge avlingar. Plantevernmiddel kan ha uønskte verknader ved at dei kan føre til skadar i miljøet, helseplager for dei som utfører sprøyting og som restar i produkta. Alle preparata som er på marknaden, må godkjennast av Mattilsynet, og gjennom substitusjons­prinsippet kan tilsynet ta ut allereie godkjente preparat dersom det kjem nye og betre preparat med mindre skaderisiko.

Figur 2. Jordbruksbedrifter med ulike former for integrert plantevern. 2022. Prosent

Figur 3. Jordbruksbedrifter med ulike former for integrert plantevern på areal med kepalauk. 2022. Prosent

Bruk av plantevernmiddel i veksthus

I 2021 gjennomførte SSB ei undersøking om bruken av biologiske og kjemiske plante­vernmiddel i veksthus. Undersøkinga omfatta produksjonane blomstrande potteplanter, snittblomster, utplantingsplanter/sommarblomster, dekorasjons­­planter, salat, urter, tomat og agurk Tilsvarande undersøkingar blei gjennomført for 2012 og 2017.

Gartneria bruker ulike variantar av integrert plantevern. Dette gjeld biologisk plantevern, med bruk av ulike nytteorganismar, tiltak i gartneriet i form av temperaturstyring, lys, vatn, plantenæring mv. og kjemisk plantevern nytta i ulike kombinasjonar.

Figur 4. Del av veksthusarealet som blei handsama med nytteorganismar, etter produksjon. 2020. Prosent

Ein stor del av areala blei handsama med biologiske planteverntiltak, som i hovudsak er ulike nytteinsekt. I gjennomsnitt blei 88 prosent av areala med grønsaker i veksthus handsama minst ein gong med desse nytteorganismane, medan 45 prosent blei handsama minst ein gong med kjemiske middel. Dette er om lag på same nivå som i 2017.

Figur 5. Del av veksthusareal som blei handsame med kjemiske plantevernmiddel, etter produksjon. 2020. Prosent

I veksthusproduksjonar med grønsaker blei 62 prosent av areala berre handsama med nytteorganismar, medan 3 prosent berre blei handsama kjemisk. 26 prosent av arealet vart handsama med både nytteorganismar og kjemiske middel, medan 9 prosent ikkje blei handsama med plantevernmiddel.

Figur 6. Del av akkumulert areal¹ av biologiske handsamingar mot ulike skadegjerarar etter produksjon. 2020. Prosent

¹ Akkumulert handsama areal er summen av alle gjentak av handsamingar mot gruppa av skadegjerarar i ein produksjon.

Av prydplanter, blei 6 prosent av areala berre handsama med nytteorganismar, medan 40 prosent berre vart handsama med kjemiske middel. 39 prosent fekk både nytteorganismar og kjemiske middel, medan 16 prosent verken blei handsama med nytteorganismar eller kjemiske plantevernmiddel.

Biologisk handsaming mot bladlus og trips utgjorde størst del av det samla handsama arealet for alle nytteorganismar i veksthusproduksjonane med høvesvis 30 og 20 prosent.

Kjemiske plantevernmiddel blir delt inn i hovudgruppene ugrasmiddel, sopp­middel, skade­dyrmiddel og vekstregulatorar. Ugrasmiddel blir i liten grad nytta i veksthusproduksjonane. Vekstregulatorar blir nytta i prydplanter for å endre utsjånaden på plantene. 79 prosent av prydplantene vart kjemisk handsama, og vekstregulatorane utgjorde 59 prosent av handsama areal, skadedyrmiddel 28 prosent og soppmiddel resten. 29 prosent av grønsakene vart kjemisk handsama, og bruken fordelte seg med 56 prosent skadedyrmiddel og resten soppmiddel.

Figur 7. Del av akkumulert handsama areal¹, etter hovudgrupper av kjemiske plantevernmiddel som er nytta og produksjon. 2020. Prosent

¹ Akkumulert handsama areal er summen av alle gjentak av handsamingar med gruppa av kjemiske plantevernmiddel i ein produksjon.

Nasjonale resultatmål       

I Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2021-2025) er det sett som mål å redusere risikoen for helse og miljø ved bruk av plantevern­middel og redusere avhengnaden av kjemiske plantevern­middel.

  • Yrkesbrukarar skal ha eit bevisst forhold til bruk av plantevernmiddel og nytte integrert plantevern
  • Førekomst av restar av plantevernmiddel i norskprodusert mat og drikkevatn skal vere så låg som mogleg og ikkje overskride vedtekne grenseverdiar
  • Betre kunnskap om førekomst av plantevernmiddel i grunnvatn og overflatevatn og redusere forureining til vatn
    • Førekomst av plantevernmiddel i grunnvatnet skal ikkje overskride grenseverdien for drikkevatn
    • Førekomst av plantevernmiddel i overflatevatn skal ikkje overskride verdiar som kan gi skade på miljøet
  • Bruken av kjemiske hobbypreparat skal reduserast

Omsetnad av plantevernmiddel

Omsetnaden av plantevernmiddel var i 2022 til saman 782 tonn verksamt stoff. Dette var ein reduksjon på 98 tonn frå året før. Ugrasmiddel stod for 577 tonn. Omsetnads­statistikken frå Mattilsynet viser at i gjennomsnitt blei 12 prosent av omsett mengd plantevernmiddel i femårsperioden 2018 til 2022 nytta i hobby-hagebruket. I tillegg blir det nytta plante­vernmiddel i skogbruket, langs veger og jernbane, på golfbaner og grøntanlegg og i samanheng med ulike byggje- og anleggsarbeid. I SSB sine undersøkingar om bruken av plantevernmiddel, er det rekna ut at under halvparten av omsett mengd blir nytta innanfor jordbruket.

Den sterke nedgangen som har vore i omsetnaden av ugrasmiddel frå 1970-talet og til i dag, er i stor grad ein effekt av overgang frå preparat som krev store dosar til lågdosemiddel mot ugras i korndyrking.

Figur 8. Omsett mengd plantevernmiddel, inklusive bruk utanfor jordbruket, som gjennomsnitt for femårsperiodar. Tonn verksamt stoff
Figur 8. Omsett mengd plantevernmiddel, inklusive bruk utanfor jordbruket, som gjennomsnitt for femårsperiodar. Tonn verksamt stoff. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren viser omsett mengd plantevernmiddel som gjennomsnitt for femårsperiodar