Jordbruksarealet held seg stabilt

Publisert:

Jordbruksareal i drift held seg relativt stabilt og ligg på om lag 10 millionar dekar. Men kvart år blir det færre jordbruksbruksbedrifter, og i løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta.

Jordbruksarealet utgjer berre om lag 3 prosent av Noregs landareal. Årsaka til denne låge prosenten er at landarealet består av mykje bratt areal, og mykje av jorda ligg på berggrunn og inneheld mykje stein. Klima er òg ei viktig årsak da landet ligg langt mot nord og har kort vekstsesong. Forutan desse naturgitte forholda, er dagens norske jordbruk eit resultat av den generelle samfunnsutviklinga og politiske rammer.

Jordbrukets utviklingstrekk dei siste 50 åra

Jordbrukspolitikken har over tid stimulert til kornproduksjon i dei områda av landet som har klima og topografi som er eigna til korndyrking. Dei beste områda til korndyrking ligg på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Det meste av produksjonen av mjølk og kjøt frå grovfôretande husdyr som storfe, sau og geit, skjer i dal- og fjellbygdene, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Parallelt med spesialiseringa mellom distrikta har det skjedd ei spesialisering i den enkelte jordbruksbedrifta. For 50 år sidan hadde dei fleste bedrifter fleire husdyrslag og dyrka fleire vekstar. Mange jordbruksbedrifter har no slutta heilt med husdyr, eller har berre eitt dyreslag. Også i planteproduksjonen har det skjedd ei spesialisering i retning av ein eller få vekstar.

Jordbruksarealet i drift har lege på rundt 10 millionar dekar dei siste 50 åra, medan talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert. Frå 1969 til 2020 har talet på jordbruksbedrifter blitt redusert med 75 prosent, frå 155 000 til 38 600. Mange av jordbruksbedriftene som legg ned drifta, sel eller leiger bort jordbruksarealet til jordbruksbedrifter som framleis er aktive. Samstundes skjer det ein tilgang i jordbruksarealet ved at areal blir nydyrka, og ein avgang ved at jordbruksareal blir tatt ut av drift og gror igjen eller blir omdisponert til andre føremål.

Jordbruksareal i drift var 9,55 millionar dekar i 1969 og 9,86 millionar dekar i 2020. Gjennomsnittleg jordbruksareal per bedrift har dermed blitt firedobla i denne perioden, frå 62 til 255 dekar.

Figur 1

Figur 1. Utviklinga av jordbruksareal i drift og talet på  jordbruksbedrifter. 1969-2020

Prosentdel jordbruksbedrifter med eitt eller fleire husdyrslag har minka frå 86 i 1969 til 72 prosent i 2020. Til dømes har talet på jordbruksbedrifter med mjølkeku gått ned frå 82 200 til 7 200. Dette vil seie at 10 av 11 mjølkeprodusentar har slutta i denne perioden. Talet på mjølkeku er halvert, frå 436 000 til 214 000.

Mest jordbruksareal på Austlandet og i Trøndelag

Sjølv om jordbruksareal i drift har heldt seg relativt stabilt gjennom åra, blei det registrert ein topp på 10,47 millionar dekar i 2001. Førebelse tal for 2020 viser at det var 9,86 millionar dekar jordbruksareal i drift. Nedgangen kjem både av at innføring av digitalt kartgrunnlag har gjeve meir nøyaktige arealmålingar og at noko areal har gått ut av drift. Innføring av digitalt kartgrunnlag skjedde i åra 2005 til 2013 og førte til ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent.

Jordbruksarealet blir vanlegvis delt inn hovudkategoriane fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Frå 1999 til 2020 har prosentdelen for fulldyrka jord av totalt jordbruksareal i drift minka frå 85 til 82 på landsbasis. I same periode har del overflatedyrka jord minka frå 3 til 2 prosent medan innmarksbeite har auka frå 12 til 16 prosent. I 2020 hadde fylka Oslo/Viken samt Vestfold og Telemark størst del fulldyrka jord med respektive 94 og 93 prosent. Minst del hadde fylka Rogaland og Vestland med 53 og 52 prosent.

Dei 5 kommunane som hadde mest jordbruksareal i drift i 2020, var Indre Østfold med 229 300 dekar, Ringsaker med 187 200 dekar, Steinkjer med 172 300 dekar, Nes (Viken) med 134 100 dekar og Levanger med 134 100 dekar. Desse 5 kommunane hadde til saman 9 prosent av landets jordbruksareal.

Figur 2

Figur 2. Jordbruksareal i drift, etter kommune og fylke. 2020

Mindre kornareal - meir innmarksbeite

Jordbruksareal i drift kan òg delast inn i kategoriane åker-/hagebruksvekstar og eng/beite. Arealet av eng og beite er den største kategorien og utgjorde 67 prosent av det totale jordbruksarealet på 9,86 millionar dekar i 2020. Åker-/ hagebruksvekstar utgjorde 33 prosent av jordbruksarealet. I 1999 utgjorde arealet av åker-/hagebruksvekstar 38 prosent og eng/beite 62 prosent av det totale jordbruksarealet på 10,38 millionar dekar.

I 2020 var arealet av åker- og hagebruksvekstar 3,27 millionar dekar. Arealet er redusert med 722 300 dekar, eller 18 prosent, sidan 1999. Korn og oljevekstar utgjer mesteparten av arealet av åker- og hagebruksvekstar. I 2020 var arealet av korn og oljevekstar 2,84 millionar dekar, noko som svara til om lag 29 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. I 1999 utgjorde arealet av korn- og oljevekstar 32 prosent av jordbruksarealet. I 2020 hadde fylka Oslo/Viken, Innlandet og Trøndelag til saman 88 prosent av landets areal av korn- og oljevekstar. Jordbruksbedrifter med korn- og oljevekstareal har gått ned med 53 prosent frå 1999 til 2020, og arealet per jordbruksbedrift som dyrkar korn og oljevekstar, har auka frå 153 til 278 dekar.

Arealet av poteter, grønsaker, frukt, bær og andre åker- og hagebruksvekstar var til saman 0,44 millionar dekar i 2020 og utgjorde berre om lag 4 prosent av det totale jordbruksarealet. I 1999 var dette arealet 0,65 millionar dekar.

Jordbruksbedrifter med potetdyrking har gått ned med 85 prosent frå 1999 til 2020. Potetarealet har gått ned med 23 prosent. Gjennomsnittleg potetareal på bedrifter som dyrkar potet, har dermed auka frå 14 dekar til 76 dekar. Det blir framleis dyrka mest poteter på Austlandet og i Trøndelag.

Figur 3. Utviklinga av areal med utvalde jordbruksvekstar. 1999-2020. 1999=100

1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Korn og oljevekstar 100.0 100.5 101.3 101.0 99.9 100.2 99.2 97.1 95.1 93.8 92.8 91.8 90.9 89.6 86.5 86.0 85.5 86.4 86.4 84.7 83.4 84.8
Poteter 100.0 101.8 102.6 102.5 98.1 95.5 92.5 94.6 97.4 96.4 92.6 89.1 86.8 85.3 85.1 83.1 79.7 80.7 79.0 78.2 78.7 77.2
Grønsaker på friland, frukt og bær 100.0 100.6 103.0 102.7 102.4 102.0 105.2 106.2 111.7 109.3 104.9 103.0 100.5 103.3 103.6 109.0 110.3 115.2 112.6 115.6 114.7 114.4
Fulldyrka eng 100.0 99.6 99.8 100.8 100.6 100.3 99.6 100.4 100.6 100.2 99.0 97.7 97.4 97.0 97.5 98.1 98.4 97.4 96.9 98.2 98.9 98.4
Overflatedyrka eng 100.0 98.2 95.7 95.1 92.8 91.3 90.7 88.5 86.0 82.4 76.1 70.1 68.0 68.2 67.6 67.3 67.0 66.1 66.1 67.7 67.9 70.2
Innmarksbeite 100.0 106.2 108.8 111.3 112.7 114.4 117.1 119.7 122.7 124.0 125.3 127.6 128.7 128.6 128.6 128.1 128.4 128.3 132.5 131.6 130.8 130.3

Arealet av eng og beite utgjorde 6,59 millionar dekar av det totale jordbruksarealet i drift i 2020. Dette er ein auke på 203 800 dekar sidan 1999. Eng- og beitearealet fordelte seg på 4,80 millionar dekar fulldyrka eng, 0,21 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,58 millionar dekar innmarksbeite i 2020. Sidan 1999 har det blitt 2 prosent mindre fulldyrka eng og 30 prosent mindre overflatedyrka eng, medan innmarksbeite har auka med 30 prosent. Areal av innmarksbeite per jordbruksbedrift med innmarksbeite, har i denne perioden auka frå 42 til 67 dekar.

Fleire større jordbruksbedrifter

Førebelse tal for 2020 viser at det var det 38 600 aktive jordbruksbedrifter i landet. Om lag 5 prosent av desse hadde upersonleg brukar, slik som ansvarleg selskap, aksjeselskap og institusjon.

Figur 4. Jordbruksbedrifter, etter storleiken på jordbruksareal i drift. 1999-2020

Jordbruksbedrifter i alt -99 dekar 100-299 dekar 300-499 dekar 500- dekar
1999 70740 31237 32653 5273 1577
2000 68539 29251 31967 5613 1708
2001 65607 26566 31267 5878 1896
2002 61890 23451 30118 6209 2112
2003 58231 20441 29073 6424 2293
2004 55507 18290 28108 6631 2478
2005 53003 16552 26950 6817 2684
2006 51218 15595 25737 6963 2923
2007 49935 15046 24729 7064 3096
2008 48825 14873 23679 7031 3242
2009 47688 14636 22664 6988 3400
2010 46624 14359 21884 6857 3524
2011 45612 14052 21173 6770 3617
2012 44794 13949 20456 6674 3715
2013 43726 13564 19752 6539 3871
2014 43022 13403 19083 6490 4046
2015 42018 12838 18606 6385 4189
2016 41121 12515 17995 6305 4306
2017 40338 12159 17429 6280 4470
2018 39678 11953 16866 6201 4658
2019 39090 11835 16303 6179 4773
2020 38633 11759 15901 6045 4928

Sidan 1999 har 45 prosent av gardsbruka slutta med jordbruksdrift. Det er jordbruksbedrifter med mindre enn 100 dekar jordbruksareal i drift som har stått for den største nedgangen i brukstalet. I 1999 var 44 prosent av alle jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2020 hadde prosentdelen gått ned til 30. Sidan 1999 har det òg vore ein jamn nedgang i talet på bedrifter i storleiksgruppa 100-299 dekar, og frå 2007 også ein nedgang i storleiksgruppa 300-499 dekar. Talet på jordbruksbedrifter med meir enn 500 dekar aukar. I 1999 inngjekk 2 prosent av jordbruksbedriftene i denne storleiksgruppa, i 2020 hadde delen auka til 13 prosent.

Framleis flest jordbruksbedrifter med driftsforma sau

Klassifisering av jordbruksbedriftene etter driftsform er ei inndeling som er felles for alle EU- og EØS-landa. Frå og med 2010 byggjer inndelinga på faktorar for standard omsetning knytte til dei ulike vekstane og husdyrslaga.

Figur 5. Jordbruksbedrifter etter driftsform. 2010 og 2020

2010 2020
Plante- og husdyrproduksjon i kombinasjon 1549 1409
Blanda husdyrproduksjon 652 538
Blanda planteproduksjon 326 237
Svin og fjørfe 2044 1897
Andre grovfôretande dyr 2961 2597
Sau 9658 9415
Storfe mjølk- og kjøttproduksjon i kombinasjon 2032 887
Storfe kjøttproduksjon 4106 4237
Storfe mjølkeproduksjon 8574 5916
Hagebruksvekstar 1658 1409
Andre jordbruksvekstar 5283 3787
Korn og oljevekstar 7781 6304

Det var flest jordbruksbedrifter med driftsforma «Sau» både i 2010 og 2020. I 2010 utgjorde «Sau» 21 prosent av totalt 46 600 jordbruksbedrifter og i 2020 var prosentdelen auka til 24 av totalt 38 600 bedrifter. Sidan 2010 har også prosentdelen for driftsformene «Storfe kjøttproduksjon» og «Svin og fjørfe» gått opp. Prosentdelen for «Storfe kjøttproduksjon» har auka frå 9 til 11 og for «Svin og fjørfe» frå 4 til 5. Prosentdelen for bedrifter med driftsformene «Storfe mjølkeproduksjon» og «Korn og oljevekstar» har gått ned. Prosentdelen for «Storfe mjølkeproduksjon» har minka frå 18 til 15 og for «Korn og oljevekstar» frå 17 til 16.

Fleire ammekyr – færre mjølkekyr

Talet på ammekyr går stadig oppover, medan talet på mjølkekyr minkar. Talet på ammekyr har nær tredobla seg frå 1999 til 2020, frå 37 000 til 107 000. Talet på mjølkekyr har minka med 32 prosent, frå 313 000 til 214 000. Andre storfe har gått ned frå 683 000 til 563 000.

Flest ammekyr var det i fylka Innlandet, Trøndelag og Oslo/Viken i 2020, med til saman 56 prosent av landstalet. Det har vore ein auke i talet på ammekyr over heile landet sidan 1999. Det var 5 900 jordbruksbedrifter med ammeku i 2020, ein auke på 9 prosent frå 1999. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for ammeku har auka frå 7 til 18.

Flest mjølkekyr var det i fylka Trøndelag, Rogaland og Innlandet i 2020, med til saman 58 prosent av landstalet. Det har over lengre tid vore flest mjølkekyr i desse områda. Sjølv om det er registrert ein nedgang i talet på mjølkekyr over heile landet sidan 1999, har den største prosentvise nedgangen vore på Vestlandet. Jordbruksbedrifter med mjølkeku har gått ned frå 22 700 til 7 200, eller 68 prosent, frå 1999 til 2020. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for mjølkeku har auka frå 14 til 30.

Jamvel om talet på mjølkekyr har minka, har den samla mjølkeproduksjonen vore nokså stabil sidan førsten på 2000-talet. Årsaka er auken i mjølkeyting per ku. I perioden 1999–2019 har kg mjølk per årsku auka frå 6 100 kg til 8 100 kg. I 2020 hadde 34 prosent av mjølkeprodusentane mjølkerobot. I gjennomsnitt hadde desse jordbruksbedriftene 48 mjølkekyr. Jordbruksbedrifter utan mjølkerobot hadde i gjennomsnitt 20 mjølkekyr. 55 prosent av mjølkekyrne var på gardsbruk med mjølkerobot.

Figur 6. Talet på husdyr, etter husdyrslag. 1999-2020

1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Mjølkekyr 312948 297731 289617 281502 278137 271970 265186 259084 253364 248283 239637 238442 233347 233257 228895 223997 224298 221485 219265 219016 210540 213715
Ammekyr 36809 44517 46556 48312 51561 53398 55651 59374 60945 63237 66651 69874 71892 73325 75002 75879 78750 85822 93689 98017 99694 106765
Andre storfe 683313 645667 642681 628847 627218 617840 612861 604518 591206 579650 571846 566213 558900 555342 549758 540124 550279 564838 572338 564958 563902 563356
Sauer over 1 år 955367 966278 1000151 991690 986639 966508 954738 928486 894483 897884 907563 922519 920423 905606 911457 886099 918341 954596 940314 956389 900926 900320
Mjølkegeiter 51724 50299 48467 46786 45692 45095 44532 42365 41161 38853 37959 36650 35476 35154 33064 31515 33702 34982 33913 34462 34278 33838
Alssvin 100408 90791 91442 92409 97106 100886 100747 102483 99216 99618 100954 97586 97263 96596 96862 94670 95771 92580 89479 85774 80044 76110

Talet på sauer over 1 år var 900 300 i 2020, dette er 6 prosent færre enn i 1999. Talet på jordbruksbedrifter med vaksne sauer gjekk ned med 39 prosent i denne perioden. I 2020 var det 13 700 jordbruksbedrifter med vaksne sau. Det er flest sauer og flest jordbruksbedrifter med sau på Vestlandet.

I perioden 1999-2020 minka talet på alssvin frå 100 400 til 76 100. Talet på jordbruksbedrifter med alssvin minka frå 3 700 til knapt 1 000, og gjennomsnittleg buskapsstorleik har dermed auka frå 27 til 79 alssvin. Jamvel om tal alssvin har minka monaleg, har produksjonen av svinekjøtt auka med 21 prosent frå 1999 til 2019.

Det var 280 jordbruksbedrifter som hadde mjølkegeit i 2020, dette er 470 færre enn i 1999. Talet på mjølkegeit har gått ned frå 51 700 til 33 800.

Talet på verpehøner har auka frå 3,2 til 4,5 millionar, medan talet på jordbruksbedrifter med verpehøner har gått ned frå 4 100 til 1 600. I 2020 tilhøyrde 94 prosent av verpehønene jordbruksbedrifter med minst 5 000 verpehøner.

Hestehald på jordbruksbedrifter har blitt sterkt redusert. I 2020 blei det registrert 27 000 hestar på jordbruksbedriftene. Ein stor del av det totale hestehaldet i Noreg er i dag utanom jordbruksbedriftene, slik som på travbaner, ridesenter og hobbybruk, og desse hestane inngår ikkje i jordbruksstatistikken.

Jordbruksareal

Ved samanlikning av jordbruksarealet i drift over tid bør ein kjenne til endringar i datagrunnlaget.

Før 1984 var statistikken basert på fullstendige teljingar kvart tiande år og utvalsundersøkingar i dei øvrige åra. Frå og med 1984 har data frå søknader om produksjonstilskot i jordbruket vore hovudkjelde for statistikken. Regelverket for tilskot verker inn på korleis søkarane tilpassar drifta. I løpet av 1990-tallet auka tilskota til jordbruksareal. Vidare blei det mogleg å søke tilskot for ugjødsla inngjerda beiteareal (innmarksbeite). Det kom også krav om spreieareal for husdyrgjødsel og tilgang til beite eller luftegard for storfe.

I perioden 2005 til 2013 blei nytt digitalt kartgrunnlag tatt i bruk ved søknad om produksjonstilskot. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at innføringa av nytt kartverk innebar ein reduksjon i jordbruksarealet på om lag 3,3 prosent. Ein veit ikkje om nedgangen skyldast meir nøyaktige målingar eller om tidlegare nedgang ikkje har blitt fanga opp før det nye kartverket blei tatt i bruk. Nedgang i jordbruksareal utanom nytt kartverk var om lag 1,4 prosent i same perioden. Det er lagt til rette for at kommunane fortløpande kan gjere oppdateringar av areala i kartgrunnlaget.

Faktaside

Kontakt