6124_not-searchable
/befolkning/statistikker/flytting/arkiv
6124
Færre flyttar innanlands - fleire flyttar til Noreg
statistikk
2003-08-28T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
flytting, Flyttinger, flyttinger, innflytting, utflytting, nettoinnflytting, nettoinnvandring, innvandring, utvandring, tilflyttingsland, fraflyttingsland, tilbakeflytting, statsborgerskap, flyktningerBefolkning, Flytting, Innvandrere, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Flyttinger2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Færre flyttar innanlands - fleire flyttar til Noreg

I 2002 flytta 193 100 personar mellom to kommunar i Noreg - 8 700 færre i høve til året før. På den andre sida var det ein flyttegevinst på over 17 000 frå utlandet - ein auke på 9 200 frå 2001. Berre i 1999 var nettoinnvandringa frå utlandet større.

Innanlandske flyttingar per 1 000 middelfolkemengd. 1972-2002

Berre i 2000 og 2001 var det fleire innanlandske flyttingar i absolutte tal i høve til 2002. For å samanlikne flyttingar over tid bør ein sjå på den geografiske mobiliteten - talet på flyttingar i høve til folketalet. I underkant av 4,3 prosent av befolkninga flytta frå ein kommune til ein annan i 2002. Mobiliteten var høgare i perioden 1997-2001, og i dei fleste åra før 1989.

Frå etterkrigstida og fram til 2002 har mobiliteten vore svakt synkande, men med svingingar som varierer i høve til økonomiske ned- og oppgangstider. I periodar med lågkonjunktur og høg arbeidsløyse, som på byrjinga av 1990-talet, er det færre som flyttar.

112 450 personar, 2,0 prosent av befolkninga, flytta mellom fylka i 2002 - ein nedgang på 6 000 personar frå 2001. Ser ein på flyttingar mellom landsdelar, var det tilsvarande talet 1,1 prosent. Stort sett er det berre i dei økonomiske nedgangstidene mot slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet at delen av dei som flytta mellom fylke og landsdelar, har vore lågare. Nedgangen i 2002 må sjåast i samband med auka arbeidsløyse og lågkonjunktur.

Innanlandske nettoflyttingar per 1 000 middelfolkemengd, etter fylke. 2002

Stor innanlandsk nettoflytting til Oslo-regionen

I 2002 var som tidlegare den største nettoinnflyttinga til fylka rundt Oslofjorden. Akershus hadde størst nettoinnflytting med 2 340, deretter Østfold med 1 950 og Vestfold med 1 000. Oslo derimot, hadde eit innanlandsk flyttetap på 1 420. Oslo på si side hadde ein flyttegevinst frå alle andre fylke enn dei nemnde. Nettoutflyttinga frå Oslo heng ikkje saman med noko desentralisering i flyttemønsteret.

Ser me bort frå Oslo, vert det dei tre nordlegaste fylka, samt Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som hadde dei største flyttetapa. Nordland hadde det største flyttetapet i absolutte tal med 1 670, men sett i høve til folketalet var det klart størst utflytting frå Finnmark med vel 1,3 prosent. Ingen andre fylke har nokon gong hatt så sterk nettoutflytting. Rogaland var etter tre år med flyttetap, tilbake med nettoinnflytting.

Flyttemønsteret for 2002 vitnar om ein sentraliseringstendens som har funne stad dei siste åra. Spesielt fylka langs Oslofjorden har hatt ei tilstrømming frå resten av landet på grunn av høve for arbeid i hovudstadsområdet. Vidare har det dei siste åra vore eit aukande press på bustadmarknaden og variert tilgang på bustader i Oslo. Dette har ført til at befolkningsveksten har kome i dei nærliggjande fylka heller enn i Oslo by. Det var òg ei større nettotilflytting til byane Bergen, Stavanger og Trondheim.

Innanlandsk nettoflytting, etter landsdel. 1972-2002

Ser me nærmare for utviklinga for fylka og landsdelane i perioden 1972-2002 har Sør-Austlandet hatt eit flytteoverskot i heile perioden, unnateke av åra 1991 og 1993. Vestfold og Buskerud har hatt nettoinnflytting i heile perioden, medan Østfold på si side hadde eit flytteunderskot i åra 1991-1995. I dei siste åra har Østfold vore det fylket med jamt over størst nettoinnflytting sett i høve til folketalet. Og Agder/Rogaland har jamt over hatt ei nettoinnflytting i perioden, unnateke perioden 1999-2001. Det kjem i hovudsak av ei nettoutflytting i Rogaland same periode. For Trøndelag har det vore ei lita utflytting i det meste av perioden, men i dei fire siste åra har Sør-Trøndelag hatt nettoinnflytting. Oslo/Akershus hadde ei nettoutflytting fram til midten av 1980-talet, men har sidan hatt nettoinnflytting. Vestlandet og Nord-Noreg har i heile perioden frå 1972-2002 hatt ei nettoutflytting. Hordaland hadde for andre år på rad ei nettoinnflytting etter stort sett å ha hatt nettoutflytting dei ti siste åra.

Flyttingar mellom kommunar per 1 000 middelfolkemengd, etter kjønn. 1972-2002

Flyttingar mellom kommunar per 1 000 middelfolkemengd, etter kjønn og 5-årig alder. 2002

Flest kvinner i alderen 20-24 år som flytta

4,3 prosent av mennene og 4,2 prosent av kvinnene flytta mellom to kommunar i 2002. Fram til 1988 var mobiliteten høgare for kvinner enn for menn, deretter har den vore høgast for menn. Sett i høve til folketalet var det flest kvinner i alderen 20-24 år som flytta med 134 per 1 000. Mennene flytta mest i alderen 25-29 år med 121 per 1 000. Det var berre i aldersgruppene 15-19 og 20-24 år det var klart fleire kvinner i høve til menn som flytta sett i høve til folkemengda.

Stor auke i innvandringa frå utlandet

I 2002 var det ei nettoinnvandring frå utlandet på over 17 000. Berre i 1999 har talet vore høgare. Det store nettotalet kjem både av ein sterk auke i talet på innvandringar, 40 100 - så vel som ei nedgang i talet på utvandringar, 22 500, samanlikna med dei føregåande åra.

Flyttingar til/frå utlandet. 1972-2002

Sidan 1972 har det stort sett vore i ein auke i talet på innvandringar, og med unnateke av 1989 har Noreg hatt innvandringsoverskot. Ein bør merkje seg at særskilt talet på innvandringar varierar noko frå år til år på grunn av variasjonar i politikk og saksgang, i tillegg til endra trong for innvandring og etterspørjing etter vern i Noreg. Det er klart mindre variasjon frå eit år til eit anna når ein ser på utvandringane, og desse vert bestemte i større grad av dei økonomiske svingingane i Noreg. Som for innvandringane, har også talet på utvandringane jamt over hatt ein auke frå 1972 og fram til i dag, men i langsamare takt.

Størst innvandring til Oslo

Alle fylka hadde nettoinnvandring frå utlandet, og aller størst var det i Oslo. Medan Oslo hadde eit innanlandsk flyttetap på over 1  400, hadde hovudstaden ein flyttegevinst frå utlandet på 3 600. Dette er 20 prosent av nettoinnvandringane, og det er nytt i dei seinare åra. Tek ein med innvandringa frå utlandet, ender Oslo opp med eit totalt flytteoverskot på vel 2 200. Og for fylka Oppland, Telemark, Aust-Agder og Møre og Romsdal kompenserer innvandringa frå utlandet for eit innanlandsk flyttetap. Når ein reknar med innvandringa frå utlandet var det berre Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark som hadde større utflytting i høve til innflytting totalt.

Nettoflytting, etter fylke. 2002

Nettoinnvandring frå utlandet, etter utanlandske statsborgarar. 2002

Stor auke i talet på somaliarar og irakarar

Tilveksten av utanlandske statsborgarar som innvandra til Noreg, var størst frå Irak med 2 400. Dette er meir enn ei fordobling frå 2001. Det er viktig å merkje seg at innvandringstala syner til det året ein person fikk løyve til opphald i Noreg. Det var også stor nettoinnvandring av somaliarar med 2 000, som òg hadde ein stor auke frå føregåande år. Det var òg ei større tilflytting av russarar med vel 1 200, afghanarar med 1 100 og thailendarar med 900. Desse tala viser i hovudsak to ulike typar innvandringar: Irakarar, afghanarar og somaliarar kjem frå konfliktområde, og er i dei fleste tilfella i ein fluktsituasjon. Blant russarane og thailendarane er det mange kvinner som kjem på familieattendeføring.

Størst nettoutvandring av nordmenn til Sverige

10 680 norske statsborgarar utvandra frå Noreg, medan 9 330 innvandra i 2002. Dette er ein liten nedgang i utvandringane og ein liten auke i tilbakeflyttingane samanlikna med dei to siste åra. Det var størst nettoutvandring av norske statsborgarar til Sverige med 1 780. Det har vore eit flytteunderskot frå Noreg til Sverige sidan 1999. Også til Danmark og Spania var det relativt stort flytteunderskot av norske statsborgarar med høvesvis 450 og 410. Talet på utvandringar til Spania sank monaleg i 2002 samanlikna med 2002 og 2001.

Tabeller: