Stadig mindre innvandring

Publisert:

I 2018 innvandra drygt 52 000 personar til Noreg, som er det lågaste nivået sidan 2006. Innvandringa har gått ned kvart år sidan toppåra 2011 og 2012 då ho var på nærare 80 000.

Utvandringa var i 2018 på drygt 34 000 personar, noko som gir ei nettoinnvandring på vel 18 000. I toppåra var det tilsvarande talet på om lag 47 000.

Det vart fødd drygt 55 000 born i Noreg i 2018, og det er om lag 5 000 færre enn i 2011 og 2012. Talet på døde endrar seg mindre over tid, viser statistikken folkemengde. I 2018 døydde nærare 41 000 personar. Fødselsoverskotet i 2018 vart dermed over 14 000, som gir ein total folkevekst på knapt 33 000, om lag det halve av det han var i 2011 og 2012.

Figur 1

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst. 1988-2018

Stor nettoinnvandring frå Syria, liten frå Polen

Det er statsborgarar frå Syria som bidrar mest til nettoinnvandringa. Det var 3 800 frå Syria som flytta til Noreg i 2018, mens knapt 100 flytta ut. Situasjonen er den same for land som Eritrea og Kongo. Innflyttarar frå desse landa er i hovudsak flyktningar som er komne til Noreg i seinare år, og det er då naturleg at det ikkje er mange som flyttar ut av landet.

For statsborgarar frå land der dei fleste er arbeidsinnvandrarar, er situasjonen ein annan. Det var fleire innflyttarar frå Polen enn frå Syria, men samstundes var det nær like mange polakkar som flytta frå som til Noreg. Dermed auka ikkje talet på polakkar, som er den største innvandrargruppa, i landet, i 2018. Når det gjeld statsborgarar frå land som Island, Estland og Sverige, var det i 2018 fleire utvandrarar enn innvandrarar.

Figur 2. Innvandring og utvandring etter statsborgarskap. Utvalde land. 2018

Innvandring Utvandring
Syria 3834 93
India 2039 757
Eritrea 1072 41
Litauen 2841 2118
Kongo 674 4
Polen 4952 4932
Sverige 2112 2162
Estland 222 373
Island 419 613

Lågaste fødselstal sidan 1987

Fødselsoverskotet i 2018 var på 14 300. Det er ein nedgang på knapt 1 600 frå året før og det  minste talet sidan 2003.

Samanlikna med 2017 har talet på fødslar gått ned med 1 500, men denne nedgangen er likevel mindre enn frå 2016 til 2017 då talet fall med nærare 2 300. Talet på fødde i 2018 er det minste sidan 1987. På den tida var det dessutan over ein million færre innbyggjarar her i landet.

Figur 3

Figur 3. Levandefødde, døde og fødselsoverskot. 1970-2018

Blant fylka hadde Oslo størst fødselsoverskot i 2018, også i høve til folketalet. I Hedmark, Oppland, Telemark, Sogn og Fjordane og Nordland var det færre som vart fødd enn som døde.

Opprydding i folkeregisteret

Om lag ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Dette er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjara ikkje med i statistikken

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.