Det var 117 500 Ledige stillingar: Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 3. kvartal 2023, som er 3,7 prosent av alle jobbar. Dette er omtrent uendra frå førre kvartal. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken ledige stillingar.

– Etter nedgangen på 10 prosent i førre kvartal har talet på ledige stillingar halde seg på same nivå dette kvartalet. Trass nedgangen på starten av året er etterspørselen etter arbeidskraft framleis på eit høgt nivå, ettersom talet på ledige stillingar er høgt historisk sett, seier seksjonssjef Tonje Køber.

Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Kvifor reknar vi ut prosentdelen ledige stillingar?

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. av alle jobbar var 3,7 prosent i 3. kvartal 2023. Prosentdelen ledige stillingar er uendra frå førre kvartal, men er framleis historisk høg. I heile tidsserien tilbake til 2010 er gjennomsnittleg prosentdel 2,5. Frå 2. kvartal 2021 auka prosentdelen til over 3 og har sidan dette vore høg, med ein topp på starten av dette året med 4,1 prosent.

– Ledige stillingar i prosent av talet på jobbar er ein nyttig indikator for å sjå etterspørselen etter arbeidskraft og tek omsyn til utviklinga i kor mange arbeidsforhold som finst, seier Køber.

Prosentdelen er rekna med det sesongjusterte talet på jobbar (arbeidsforhold) i kvartalet. Talet på jobbar var omtrent 3,1 millionar i 3. kvartal 2023, og ligg på same nivå som i 2. kvartal. Det viser statistikken arbeidsforhold og lønn.

Samanheng mellom ledige stillingar og arbeidsløyse

Prosentdelen ledige stillingar kan saman med Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria som søking og tilgjengelegheit. gi ein indikasjon på kor effektivt folk kjem i arbeid. Dersom enten prosentdelen ledige stillingar eller arbeidsløysa aukar utan ein nedgang i den andre, kan det tyde på at det tek lengre tid å finne riktig kompetanse til å fylle dei ledige stillingane. Ein nedgang i ledige stillingar eller arbeidsløysa utan ein auke i den andre, kan derimot tyde på at ein raskt finn riktig kompetanse til å fylle dei ledige stillingane.

Sesongjusterte tal frå statistikken arbeidskraftundersøkinga viser at arbeidsløysa har auka frå 3,4 til 3,6 prosent frå 2. til 3. kvartal samstundes som prosentdelen ledige stillingar er uendra.

– Når arbeidsløysa aukar samstundes som prosentdelen ledige stillingar er uendra kan det tyde på at bedriftene framleis slit med å finne riktig kompetanse, avsluttar Køber.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret. 

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.