Det var 117 800 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 2. kvartal 2023, og dette er ein nedgang på 13 100 frå førre kvartal. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar

- Talet på ledige stillingar er redusert med 10 prosent frå førre kvartal. Nedgangen kom etter at vi såg mange ledige stillingar heile fjoråret, samt ein topp på starten av 2023. Sjølv om vi ser ein nedgang dette kvartalet er nivået framleis på eit høgare nivå enn heile fjoråret, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn. 

Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar. 

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Stor etterspørsel etter arbeidskraft innan byggje- og anleggsverksemder 

Det har vore mange ledige stillingar innan byggje- og anleggsnæringa dei siste to åra. I siste halvdel av 2022 fall nivået noko, men det har sidan auka i løpet av 2023. I 2. kvartal hadde næringa 11 100 ledige stillingar, som er det høgaste målt sidan 2010. Det er ein auke på 16 prosent sidan førre kvartal. 

- Vi ser at det framleis er stor etterspørsel etter arbeidskraft innan byggje- og anleggsverksemder, trass i at andre statistikkar viser fallande aktivitet i næringa i same periode, seier Køber. 

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret. 

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.