5868_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ifolje/aar
5868
Framleis auke i sokkelskatten
statistikk
2002-12-11T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ifolje, Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperveke 53 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auke i sokkelskatten

I 2001 vart det utlikna til saman 98,7 milliardar kroner i skatt frå verksemda på norsk kontinentalsokkel. Dette var 6,3 milliardar kroner meir enn året før.

Sum utlikna skatt på inntekt. 1997-2001. Millionar kroner

Utlikna skatt på allmenn inntekt utgjorde 37,6 milliardar kroner, ein auke på 1,6 milliardar eller 4 prosent. Særskatten utgjorde til saman 61,1 milliardar kroner, ein auke på 4,7 milliardar eller 8 prosent.

Olje- og gassutvinning og røyrtransport

Selskapa som driv olje- og gassutvinning og røyrtransport, hadde ei inntekt før finanspostar på til saman 140,8 milliardar kroner. Dette var berre 600 millionar kroner meir enn året før. Skattbar allmenn inntekt auka likevel med 6,3 milliardar kroner, noko som kjem av ei betring i finanspostar på nærare 4 milliardar kroner samstundes som underskot og finanskostnader frå tidlegare år vart reduserte med nærare 1,8 milliardar. Særskatteinntekta utgjorde 122,2 milliardar kroner i 2001, ein auke på 9,4 milliardar.

Prisane på råolje og naturgass hadde ein vesentleg auke frå 1999 til 2000, og heldt seg forholdsvis høge også i 2001. Dette saman med auka produksjon og statens sal av delar av SDØE (statens direkte økonomiske engasjement), har gitt høge inntekter. Salet av delar av SDØE har såleis medført at ein større del av petroleumsproduksjonen nå vart skattlagt.

Til saman vart 37 selskap likna etter ordninga.

Utanlandske selskap

Utanlandske selskap som driv vedlikehald, reparasjon og tenester for norske utvinningsselskap, hadde ei allmenn skattbar inntekt på 1 028 millionar kroner. Dette er berre 60 prosent av tilsvarande tal frå året før. Utlikna skatt utgjorde 288 millionar kroner, ein nedgang på 178 millionar. Talet på selskap likna etter ordninga var 174, mot 168 i 2000.

Tabeller: