5870_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ifolje/aar
5870
Sterk vekst i sokkelskatten
statistikk
2001-12-14T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ifolje, Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperveke 52 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk vekst i sokkelskatten

Utlikna skatt frå verksemda på norsk kontinentalsokkel auka med heile 68 milliardar kroner frå 24 milliardar i 1999 til 92 milliardar i 2000.

 Sum utlikna skatt på inntekt. 1996-2000. Millionar kroner

Av dei samla utlikna skattane på 92 milliardar kroner utgjorde særskatten 56 milliardar kroner og skatt på allmenn inntekt 36 milliardar kroner.

Olje- og gassutvinning og røyrtransport

Selskapa som driv olje- og gassutvinning og røyrtransport, hadde ei skattbar allmenn inntekt på 127 milliardar kroner. Dette var 89 milliardar meir enn året før. Grunnlaget for utrekning av særskatt utgjorde 113 milliardar kroner, eller ein auke på 86 milliardar kroner.

Auken i skattegrunnlaga kjem i hovudsak av høgare bruttoinntekter. Produksjonen av råolje har auka, medan produksjonen av naturgass låg om lag på same nivå som året før. For råolje og naturgass var prisane i gjennomsnitt høgare enn i 1999. Auken i prisar utgjorde ein større del av auken i bruttoinntekter enn auken i produksjon.

Talet på skattepliktige selskap som driv olje- og gassutvinning og røyrtransport, har vore om lag det same i perioden 1996 til 2000.

Utanlandske selskap

Utanlandske selskap som driv vedlikehald, reparasjon og tenester for norske utvinningsselskap, hadde til saman 466 millionar kroner i utlikna skattar. Dette er ein auka på 37 millionar kroner eller 9 prosent frå året før. Talet på utanlandske skattepliktige selskap som driv slik verksemd, er halvert frå 1996.

Tabeller: