5872_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ifolje/aar
5872
Auke i sokkelskatten
statistikk
2000-12-12T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ifolje, Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperveke 52 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i sokkelskatten

Etter eit par år med reduksjon i utlikna skatt frå verksemda på norsk kontinentalsokkel, auka utlikna skatt i 1999 med 15 milliardar kroner frå året før, eller med 144 prosent.

 Sum utlikna skatt på inntekt. 1995 - 1999. Millionar kroner

Dei totale utlikna skattane frå verksemda på kontinentalsokkelen var på 25 milliardar kroner i 1999, mot 10 milliardar kroner i 1998. Særskatten utgjorde 14 milliardar kroner, ein auke på 9 milliardar kroner, medan skatt på alminneleg inntekt auka med 6 milliardar kroner til 11 milliardar kroner.

Olje- og gassutvinning og røyrtransport

Skattbar allmenn inntekt for selskapa som driv olje- og gassutvinning og røyrtransport, utgjorde 38 milliardar kroner i 1999. Dette er ein auke på 21 milliardar kroner frå året før. Til samanlikning utgjorde grunnlaget for utrekning av særskatt 27 milliardar kroner, eller ein auke på 17 milliardar kroner.

Auken i skattegrunnlaga kjem i hovudsak av høgare bruttoinntekter. Produksjonen av råolje har auka, medan produksjon av naturgass låg om lag på same nivå som året før. Prisane på råolje og naturgass var i gjennomsnitt høgare enn i 1998.

Utanlandske selskap

Utanlandske selskap som driv vedlikehald, reparasjon og ulike verksemder til støtte for dei norske utvinningsselskapa, hadde i 1999 utlikna skatt på 427 millionar kroner. Dette er ein auke på 82 millionar kroner eller 24 prosent frå året før.

Tabeller: