5874_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ifolje/aar
5874
Stor reduksjon i sokkelskatten
statistikk
1999-12-20T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ifolje, Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperveke 53 1998

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor reduksjon i sokkelskatten

Samla utlikna skatt frå verksemda på norsk kontinentalsokkel vart redusert med heile 19 milliardar til 10 milliardar kroner frå 1997 til 1998. Dette svarar til 65 prosent.

 Sum utlikna skatt på inntekt.1994-1998. Millioner kroner

Av den samla utlikna skatten utgjorde særskatten 5 milliardar kroner, ein reduksjon på 11 milliardar kroner. Skatt på allmenn inntekt gjekk ned med 8 milliardar kroner, til 5 milliardar kroner.

Olje- og gassutvinning og røyrtransport

Selskapa som driv olje- og gassutvinning og røyrtransport, hadde i 1998 ei skattbar allmenn inntekt på 17 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 29 milliardar kroner frå året før. Til samanlikning utgjorde grunnlaget for utrekning av særskatt 10 milliardar kroner, eller ein reduksjon på 22 milliardar kroner.

Reduksjonen i skattegrunnlaga skuldast i hovudsak lågare bruttoinntekter. Både produksjonen av råolje og prisane på råolje var lågare enn året før. Prisane på naturgass var på om lag same nivå, medan gassproduksjonen hadde auka frå året før .

Utanlandske selskap

Utlikna skatt for utanlandske selskap som driver vedlikehald og ymse støtteverksemd for utvinningsselskapa, utgjorde 345 millionar kroner i 1998. Dette er ein auke på 144 millionar eller 71 prosent frå året før.

Tabeller: