5458_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/eigarskap/aar
5458
Kvar fjerde eigar er kvinne
statistikk
2009-06-26T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
eigarskap, Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt), eigarar, aksjonærar, eigarstruktur, personleg eigde føretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonføretak, føretaksstorleik, føretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt)1. januar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kvar fjerde eigar er kvinne

Drygt ein av fire eigarar av aksjeselskap og personleg åtte føretak er kvinne, syner tal frå 1. januar 2008. Kvinner som er innvandrarar, eller norskfødde av innvandrarforeldre, er overrepresenterte på eigarsida i personleg åtte føretak.

Delen kvinnelege eigarar av personleg åtte føretak har sidan 2004 hatt ein auke på 1,7 prosentpoeng til 26,1 prosent 1. januar 2008. Høgst del kvinnelege eigarar fanst for selskap i kategorien ANS med 28 prosent. Ein tredjedel av eigarane frå EU/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand var kvinner.

Utviklinga i talet på personleg åtte føretak fordelt på kjønn. Prosent

Ein åttandedel har ingen mannleg eigar

Kvinner var representert på eigarsida i 44 prosent av alle personleg åtte føretak unnateke enkeltpersonføretak. 13 prosent av føretaka hadde berre kvinnelege eigarar, medan kvinnene åtte nær ein av fire enkeltpersonføretak. Høgst del blanda eigarskap fanst blant føretak innanfor overnattings- og serveringsverksemd, helse- og sosialtenester og fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, der rundt 45 prosent av føretaka vart ått av menn og kvinner saman.

Delen eigarar med norsk landbakgrunn ned mot 90 prosent

10 prosent av alle eigarar i personleg åtte føretak var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, ein auke på 2,4 prosentpoeng sidan 2004.

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde 9,7 prosent av befolkninga over 15 år i Noreg; av dette utgjorde kvinnene 9,5 prosent av alle kvinner her til lands, og mennene utgjorde 10 prosent av alle menn busette i Noreg. Delen kvinnelege eigarar med annan landbakgrunn enn Noreg utgjorde 11 prosent av alle kvinnelege eigarar per 1. januar 2008, og delen mannlege eigarar med innvandrarbakgrunn utgjorde nærare 10 prosent av alle mannlege eigarar. Kvinner med annan landbakgrunn enn Noreg var dermed overrepresentert på eigarsida. 4,6 prosent av innvandrarar og norskfødde av innvandrarar over 15 år åtte sitt eige personleg åtte føretak. For personar med norsk landbakgrunn var denne delen berre 4,4 prosent.

Utvikling i delen innvandrarar og norskfødde av innvandrarar blant eigarar av personleg åtte føretak. 1. januar 2008

5 prosent av personleg åtte føretak unntatt enkeltpersonføretak vart ått av personar med annan landbakgrunn enn Noreg. 7 prosent av føretaka vart ått av personar med norsk og personar med utanlandsk bakgrunn saman. 12 prosent av enkeltpersonføretaka vart ått av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Ein av fire eigarar innanfor overnattings- og serveringsverksemd er innvandrar eller norskfødd med innvandrarforeldre.

Mannlege eigarar dominerte innanfor bygg- og anlegg (99 prosent av eigarane), medan kvinner dominerte innanfor anna tenesteyting (75 prosent av eigarane). Dei største innvandrarnæringane er hotell- og restaurant (36 prosent av eigarane), forretningsmessig tenestyring (15 prosent) og deretter transport og lagring (12 prosent).

Menn dominerer aksjeselskapa

Nesten tre av fire aksjonærar i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) var menn per 1. januar 2008. Dei største personlege eigarane var òg menn, dei utgjorde over 84 prosent av storaksjonærane (aksjonærar med over 74 prosent eigardel). Dei fleste aksjonærane var likevel små. Snautt fire av ti aksjeeigarar i AS hadde under 1 prosent eigardel i føretaka, og heile 99,9 prosent av aksjeeigarane i ASA hadde under 1 prosent eigardel.

Eigarar i personleg åtte føretak

1. januar 2008 var det 158 377 personleg åtte føretak i Noreg. Personleg åtte føretak er: enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA). I desse føretaka var det registrert totalt 175 356 eigarar. 5 179 personar stod som eigar av 2 personleg åtte føretak, 281 personar hadde 3 personleg åtte føretak. 43 personar hadde fleire enn 3 personleg åtte føretak. Vi hadde dermed 167 749 unike eigarar av personleg åtte føretak i Noreg per 1. januar 2008: 44 434 kvinner og 123 315 menn. Tala for unike eigarar er eksklusive eigarar som budde i utlandet, det vil seie utanlandske statsborgarar som ikkje budde i Noreg. Om ikkje anna er nemnt, blir tala i artikkelen baserte på alle eigarar og ikkje unike eigarar.

Personlege aksjonærar i aksjeselskap

Statistikken omfattar private aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) i føretaksdemografien per 1. januar 2008 som òg finst i aksjestatistikken for 2007. Vidare er statistikken avgrensa til å omfatta dei 932 617 personlege aksjonærane som er identifiserte med fødselsnummer eller D-nummer, og som åtte aksjar per 31. desember 2007. 241 205 aksjonærar er ikkje med i statistikken. Desse er anten identifiserte ved organisasjonsnummer, vps-kontonummer eller namn. Føretaka kan òg ha andre aksjonærar som ikkje er identifiserte ved fødselsnummer eller D-nummer, for det meste andre føretak. 53 941 føretak er ikkje med, anten fordi dei ikkje har aksjonærar identifiserte ved fødselsnummer eller D-nummer, eller fordi dei ikkje finst i aksjonærstatistikken.

Offentleg forvaltning og primærnæringane er haldne utanfor i denne statistikken.

Frå og med statistikkåret 2008 er den nye næringsstandarden SN2007 gjeldande (les meir om den nye næringsstandarden her: http://www.ssb.no/vis/omssb/1gangspubl/art-2009-02-27-01.html ).

Tabeller: