Totalt var det opna 4 517 konkursar i fjor. Det er 22 prosent, eller 804, fleire konkursar enn i 2022.

– Det er ein kraftig auke, men frå eit lågt nivå. Talet på konkursar er framleis lågare enn i tida før pandemien, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Den største prosentvise auken finn vi i Nordland og Trøndelag med høvesvis 44 og 43 prosent fleire konkursar. Den største auka i absolutte tal finn vi derimot i Viken fylke med 218 fleire konkursar. Det var ingen av fylka som hadde nedgang i talet på konkursar.

Det vart opna 1 186 konkursar i 4. kvartal 2023, som er 18 prosent fleire enn i den same perioden året før.

Auke i både føretakskonkursar og einskildpersonføretak

Åtte av ti konkursar, i alt 3 745, var føretakskonkursar eksklusive einskildpersonføretak. Det var 23 prosent fleire føretakskonkursar i fjor enn i 2022. Størst auke i absolutte tal finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd med i alt 181 fleire konkursopningar. Dette er og den næringen med flest føretakskonkursar, 1 013 i alt.

Dei resterande 772 konkursane gjaldt einskildpersonføretak som òg omfattar personlege konkursar. Her gjekk talet opp med 15 prosent, eller 99 fleire konkursar enn i året før. 41 prosent  av dei som gjekk konkurs dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal