Analyse som takk

Publisert:

Om lag 1 000 bedrifter som fylte ut skjema om energiforbruket i industrien i 2000, har fått ein spesiell takk i posten: fire-fem faktaark med ein analyse av energiforbruket i bedrifta.

Energibruk

Av Marianne Tønnessen

Der kan det til dømes stå: Bakeriet ditt kunne ha redusert energiutgiftene med 65 500 kroner dersom det hadde brukt like lite energi per tonn ferdige varer som dei mest energieffektive bakeria.

På faktaarka får kvar bedrift oversikt over sitt eige energiforbruk, korleis energiforbruket er fordelt på elektrisk kraft, diesel, fyringsoljer eller andre energivarer, kva pris som skal betalast for energien, og kor mykje energi bedrifta bruker på å produsere eitt tonn med varer. Energibruken til bedrifta blir også samanlikna med gjennomsnittet for bransjen og med dei bedriftene som bruker minst energi for å produsere eitt tonn varer. Dermed får kvar bedrift ei oversikt over korleis ho ligg an, og kva det teoretisk sett er mogleg å spare på å leggje om energibruken.

SSB har lagt om produksjonen av energistatistikken for industrien, slik at resultata blir betre og kjem raskare ut til brukarane. Tidlegare var spørsmål om energibruken ein del av skjemaet i strukturstatistikken for industrien, men dei er no utskilde i eit eige skjema, som bli sendt til eit utval av bedrifter. Tidlegare utsending og meir intensiv revisjon og produksjon av førebels tal gjer at statistikken no blir publisert elleve månader etter utgangen av referanseåret. Samanlikna med tidlegare år er det også gjort forbetringar i kontrollrutinane og brukt meir tid på å sikre kvaliteten i data. Som ein del av prosjektet er det også utarbeidd to nye bransjerapportar over energibruken i industrien, ein webrapport og ein trykt rapport.

Kontakt