2562_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/stefu/arkiv
2562
Utleigeverksemdene auka omsetninga med 7,1 prosent
statistikk
2004-06-18T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Bygg, bolig og eiendom
no
stefu, Næringslivstjenester, strukturstatistikk, eiendomsbransjen, eiendomsmeglere, utleiere, arkitekttjenester, advokattjenester, FoU, reklamevirksomhet, veterinærtjenester, vakttjenester, rengjøringsvirksomhet, omsetning, sysselsatte, foretakEiendom, Tjenesteyting, Varehandel og tjenesteyting, Bygg, bolig og eiendom
false

Næringslivstjenester, strukturstatistikk2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Utleigeverksemdene auka omsetninga med 7,1 prosent

Bedriftene innanfor utleigeverksemd omsette i 2002 for 14,3 milliardar kroner - ein oppgang på 7,1 prosent frå 13,4 milliardar i 2001. Dei 2 720 bedriftene opplevde på same tid ein nedgang i sysselsetjinga og lønnskostnadene.

Innanfor næringa utleigeverksemd finn ein både utleige av maskiner og utstyr utan personell i tillegg til utleige av hushaldsvarer og varer til personleg bruk. Bilutleige og utleige av anna transportmateriell er dei næringshovudgruppene som har hatt den største veksten i omsetninga frå 2001 til 2002.

Talet på bedrifter, etter næring. 2001 og 2002

Omsetning, etter næring. Bedrifter. 2002

Rekneskap, revisjon og skatterådgiving: 5,1 prosent vekst

Næringa anna forretningsmessig tenesteyting består av ei rekkje ulike næringsgrupper. Dei 39 450 bedriftene innanfor denne næringa omsette for 122 milliardar kroner og sysselsette 157 920 personar i 2002. Til saman hadde desse bedriftene lønnskostnader på 47 milliardar kroner.

Dei 5 180 bedriftene innanfor næringsgruppa rekneskap, revisjon og skatterådgiving sysselsette 18 620 personar og omsette for 11,4 milliardar kroner. Dette tilsvarer ein auke på høvesvis 3,6 og 5,1 prosent frå 2001. Lønnskostnadene auka med 4,5 prosent til 5,8 milliardar kroner.

Næringshovudgruppa arkitektverksemd og teknisk konsulentverksemd opplevde ein nedgang i omsetninga på 4,1 prosent, frå 38,6 milliardar kroner i 2001 til 37 milliardar i 2002. Sysselsetjinga blant dei 8 770 bedriftene heldt seg på omtrent det same nivået som året før medan lønnskostnadene auka med 451 millionar kroner - opp 3,6 prosent frå 2001. Nedgangen i omsetninga i 2002 kjem i hovudsak av den vanskelege marknaden for bedriftene innanfor næringsundergruppa geologiske undersøkingar. Her gjekk omsetninga ned til 6,8 milliardar kroner frå 8,1 milliardar i 2001.

1 690 fleire bedrifter innanfor omsetning og drift av fast eigedom

Dei 28 510 bedriftene i næringa omsetning og drift av fast eigedom omsette for 75,8 milliardar kroner i 2002. Det tilsvarande talet i 2001 var 67,7 milliardar kroner, ein auke på 12 prosent. Lønnskostnadene i næringa auka òg, opp 1,3 prosent til 6,7 milliardar kroner i 2002. Talet på sysselsette var 20 910 personar.

6,2 milliardar i FoU-omsetning

Bedriftene innanfor forsking og utviklingsarbeid omsette for 6,2 milliardar kroner i 2002, ein auke på 1,4 prosent frå 2001. Dei 348 bedriftene sysselsette 8 390 personar i 2002 mot 8 160 personar i 2001, noko som tilsvarer ein auke på 2,8 prosent. Dei totale lønnskostnadene var på 3,7 milliardar kroner. Næringa omfattar bedrifter som driv med forsking og utviklingsarbeid innanfor naturvitskap og teknikk samt samfunnsvitskap og humanistiske fag.

Næringsendringar

Vi gjer merksam på at nokre av tala innanfor næringa anna forretningsmessig tenesteyting ikkje direkte kan samanliknast med tidlegare publiserte tal. Dette kjem av at det er gjort ein gjennomgang av næringsplasseringa til føretaka i næringsundergruppa forretningsmessig tenesteyting elles.

Spesielt har dette påverka tala innanfor juridisk, administrativ og organisasjonsteknisk tenesteyting og revisjon, då mange føretak har blitt endra frå næringsundergruppa forretningsmessig tenesteyting ikkje nemnd annan stad til næringsgruppa bedriftsrådgiving.

Statistikk over føretak

Strukturstatistikken blir publisert både på føretaksnivå og bedriftsnivå. Tala for føretak vil som regel vise andre verdiar enn tala for bedrifter. Årsaka er at føretak som er registrert med hovudaktivitet i ei næring kan ha bedrifter med verksemd i andre næringar. Meir om dette og andre definisjonar finn ein i "Om statistikken".

Tabeller: