På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt mellom kl 16 og 18 i dag. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Nedgangen i tenestehandelen held fram

Publisert:

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak gjekk ned med 3,3 prosent frå 3. kvartal 2016 til 3. kvartal 2017. Tenesteimporten hadde eit fall på 3,8 prosent i den same perioden.

Statistikken utanrikshandel med tenester frå ikkje-finansielle føretak viste ein nedgang i eksport samanlikna med 2. kvartal 2017. Eksporten gjekk ned med 5,0 prosent. Når det gjeld import av tenester er nivået tilnærma uendra sett mot føregåande kvartal. Tenesteimporten enda på 58,2 milliardar kroner i 3. kvartal 2017 og eksport av tenester på 50,0 milliardar kroner i den same perioden. Det gav eit underskot på tenestebalansen for ikkje-finansielle føretak på 8,2 milliardar kroner.

Andre viktige tal for tenesteeksport

• Næringa transport og lagring står for omtrent halvparten av total tenesteeksport; 24,3 milliardar kroner. Denne delen er uendra frå same periode i fjor.

• Eksporten av sjøtransporttenester auka med 8,0 prosent frå same kvartal i fjor og enda på 18,9 milliardar kroner i 3. kvartal 2017.

• Vi eksporterer mest tenester til EU-land utanom Norden. Denne delen har lege rundt éin tredel av samla tenesteeksport dei siste åra, og utgjorde om lag 17,9 milliardar i 3. kvartal 2017.

Import av tenester – dei viktigaste tala

• Næringa transport og lagring er framleis størst når det gjeld import av tenester med 28,0 prosent av alle innkjøpte tenester, tilsvarande 16,3 milliardar kroner i 3. kvartal 2017.

• Næringa bergverksdrift og utvinning er nest størst med ein importverdi på 13,1 milliardar kroner, noko som utgjer 22,6 prosent av samla import.

• Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 3. kvartal 2017. Importverdien var på 10,3 milliardar kroner, og tenestegruppa stod dermed for 17,8 prosent av total tenesteimport.

• Føretak i EU-land utanom Norden står bak 44 prosent av den totale tenesteimporten, tilsvarande 25,8 milliardar kroner.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Figur 2. Eksport av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3. kv.
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.6 35.3 33 35.5 35.8
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.5 17.8 15 15.2
Nord- og Mellom-Amerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.9 14 14.4 13.7 12.8
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 16.4 17.2 16.6 16.3 16.9
Andre regionar 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 14.9 16.9 14.8 15.7 16.6

Figur 3. Import av tenester etter region

1. kv. 2014 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2015 2. kv. 3. kv. 4. kv. 1. kv. 2016 2. kv. 3.kv. 4. kv. 1. kv. 2017 2. kv. 3.kv.
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 41.6 40.5 43.6 45.2 44.3
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13 12.4 12 12
Nord- og Mellom-Amerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.5 15.5 14.5 13.9 12.6
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21.3 21.3 20.7 20.2 22.1
Andre regionar 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.3 7.9 6.7 6.9 7.2

Utanrikshandel med tenester, 1. kvartal 2017

Det er gjort ei endring i samanstillinga av tenestetyper. Tenestegrupperinga jernbane- og landtransporttenester er slått saman med lufttransporttenester til ei ny gruppering luft- og landtransporttenester. Dette gjeld tabell 2 og 4, som gjev utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. I statistikkbanktabellen 10192 er endringane lagt inn tilbake til 1. kvartal 2015. Dette gjer at tala ikkje er direkte samanliknbare med tidlegare publiseringar.