Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp 0,1 prosent frå august til september 2016. Dei siste tolv månadene auka dei totale kostnadene med 0,6 prosent.
Indeks | Prosent | |||
---|---|---|---|---|
August 2016 - September 2016 | September 2015 - September 2016 | September 2011 - September 2016 | ||
September 2016 | ||||
Totalindeks | 118,0 | 0,1 | 0,6 | 7,7 |
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader | 117,5 | 0,1 | 0,5 | 7,1 |
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,9 prosent den siste månaden. Frå september 2015 til september 2016 gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 3,6 prosent.
Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen steig med 0,8 prosent frå august til september 2016. Dei siste tolv månadene auka kapitalindeksen med 1,4 prosent.
Nedgang i dieselprisen
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 0,6 prosent frå august til september 2016. Dei siste tolv månadene gjekk drivstoffindeksen ned med 4,0 prosent.
Svak nedgang i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene gjekk ned 0,1 prosent den siste månaden. Frå september 2015 til september 2016 auka denne delindeksen med 2,0 prosent.
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83