251429_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/kvartal
251429
Inga endring i lastebilkostnadene
statistikk
2016-08-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false
Kostnadsindeksen for lastebiltransport viser kostnadsutviklingen for ulike kjøretøygrupper

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2.333333333333333333. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08.00.

Inga endring i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå juni til juli 2016. Frå juli 2015 til juli 2016 gjekk dei totale kostnadene ned med 0,1 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport (2009=100)
IndeksProsent
Juni 2016 - Juli 2016Juli 2015 - Juli 2016Juli 2011 - Juli 2016
Juli 2016
Totalindeks118,00,0-0,17,7
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader117,50,0-0,27,1
Figur 1. Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månad året før

Høgare prisar på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 0,8 prosent frå juni til juli 2016. Dei siste tolv månadene gjekk drivstoffindeksen ned 4,3 prosent.

Nedgang i kapitalkostnadene

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,9 prosent den siste månaden. Frå juli 2015 til juli 2016 gjekk denne delindeksen ned 2,6 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,3 prosent frå juni til juli 2016. Dei siste tolv månadene gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 2,9 prosent.

Høgare administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene auka 0,2 prosent den siste månaden. Frå juli 2015 til juli 2016 auka denne delindeksen med 2,3 prosent.