Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fortsatt nedgang i dieselprisen
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 0,3 prosent frå april til mai 2016. Frå mai 2015 til mai 2016 gjekk dei totale kostnadene ned med 0,4 prosent.
Indeks | Prosent | |||
---|---|---|---|---|
April 2016 - Mai 2016 | Mai 2015 - Mai 2016 | Mai 2011 - Mai 2016 | ||
Mai 2016 | ||||
Totalindeks | 116,1 | -0,3 | -0,4 | 6,6 |
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader | 115,6 | -0,3 | -0,5 | 6,1 |
Billigare diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 1,8 prosent den siste månaden. Frå mai 2015 til mai 2016 gjekk drivstoffindeksen ned med 6,9 prosent.
Auke i løn og sosiale kostnader
Lønsindeksen auka med 0,3 prosent frå april til mai 2016. Dei siste tolv månadene har lønsveksten for tilsette innan lastebiltransport vore på 1,1 prosent.
Høgare ferje- og bomkostnader
Ferje- og bomkostnadene gjekk opp 0,2 prosent frå april til mai 2016. Frå mai 2015 til mai 2016 auka dei totale kostnadene med 2,4 prosent.
Nedgang i dekkprisen
Dekkindeksen gjekk ned 0,1 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Dei siste tolv månadene auka derimot dekkindeksen med 3,8 prosent.
Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene gjekk opp 0,1 prosent frå april til mai 2016. Dei siste tolv månadene steig administrasjonskostnadene med 1,9 prosent.
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83