Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka lastebilkostnader
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,3 prosent frå november til desember 2015. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene ned 0,2 prosent.
Indeks | Prosent | |||
---|---|---|---|---|
November 2015 - Desember 2015 | Desember 2014 - Desember 2015 | Desember 2010 - Desember 2015 | ||
Desember 2015 | ||||
Totalindeks | 117,1 | 0,3 | -0,2 | 10,5 |
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader | 116,7 | 0,3 | -0,3 | 9,9 |
Kapitalkostnadsindeksen auka med 3,7 prosent den siste månaden. Frå desember 2014 til desember 2015 gjekk kapitalindeksen opp 0,2 prosent.
Nedgang i dieselprisen
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 2,1 prosent frå november til desember 2015. Dei siste tolv månadene gjekk drivstoffindeksen ned med 6,6 prosent.
Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,5 prosent den siste månaden. Frå desember 2014 til desember 2015 gjekk denne delindeksen opp 1,8 prosent.
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83