208880_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/kvartal
208880
Svak auke i lastebilkostnadene
statistikk
2015-10-15T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false
Kostnadsindeksen for lastebiltransport viser kostnadsutviklingen for ulike kjøretøygrupper Totalkostnadsindeksen økte med 0,2 prosent fra august til september 2015.

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,2 prosent frå august til september 2015. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 0,4 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport (2009=100)
IndeksProsent
August 2015 - September 2015September 2014 - September 2015September 2010 - September 2015
September 2015
Totalindeks117,30,20,412,9
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader116,90,20,312,4
Figur 1. Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månad året før

Forsikringsindeksen gjekk opp 4,8 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Frå september 2014 til september 2015 auka forsikringspremien med 5,6 prosent.

Auka dieselprisar

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen steig 1,3 prosent frå august til september 2015. Dei siste tolv månadene gjekk drivstoffindeksen derimot ned 7,7 prosent.

Nedgang i kapitalkostnadene

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,5 prosent den siste månaden. Men dei siste tolv månadene auka kapitalindeksen med 0,7 prosent.

Mindre reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk ned 0,2 prosent frå august til september 2015. Frå september 2014 til september 2015 gjekk reparasjons- og servicekostnadene derimot opp 3,0 prosent.