Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i dieselprisen
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 0,5 prosent frå november til desember 2014. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 0,5 prosent.
Indeks | Prosent | |||
---|---|---|---|---|
November 2014 - Desember 2014 | Desember 2013 - Desember 2014 | Desember 2009 - Desember 2014 | ||
Desember 2014 | ||||
Totalindeks | 117,3 | -0,5 | 0,5 | 16,4 |
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader | 117,0 | -0,5 | 0,5 | 16,1 |
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 3,3 prosent frå november til desember 2014. Dei siste tolv månadene gjekk drivstoffindeksen ned 5,8 prosent.
Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen auka med 0,8 prosent den siste månaden. Frå desember 2013 til desember 2014 gjekk kapitalindeksen opp med 0,2 prosent.
Nedgang i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene gjekk ned 0,3 prosent frå november til desember 2014. Det siste året har dei totale administrasjonskostnadene stige med 2,8 prosent.
Svak auke i reparasjons- og servicekostnadene
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,1 prosent den siste månaden. Frå desember 2013 til desember 2014 gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 3,9 prosent.
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83