Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i dieselprisen
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 0,8 prosent frå august til september 2014. Årsaka er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 0,7 prosent.
Indeks | Prosent | |||
---|---|---|---|---|
August 2014 - September 2014 | September 2013 - September 2014 | September 2009 - September 2014 | ||
September 2014 | ||||
Totalindeks | 116,8 | -0,8 | 0,7 | 15,3 |
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader | 116,5 | -0,7 | 0,7 | 14,9 |
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 1,5 prosent frå august til september 2014. Frå september 2013 til september 2014 gjekk drivstoffindeksen ned med 2,8 prosent.
Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,4 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene auka kapitalindeksen med 1,0 prosent.
Svak nedgang i reparasjons- og servicekostnadene
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk ned 0,1 prosent frå august til september 2014. Frå september 2013 til september 2014 gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 4,2 prosent.
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83