Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Kostnadsauke for lastebiltransport
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport steig 0,2 prosent frå november til desember 2013. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige 4,2 prosent.
Indeks | Prosent | |||
---|---|---|---|---|
November 2013 - Desember 2013 | Desember 2012 - Desember 2013 | Desember 2008 - Desember 2013 | ||
Desember 2013 | ||||
Totalindeks | 116,7 | 0,3 | 4,2 | 17,3 |
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader | 116,4 | 0,3 | 3,8 | 17,0 |
Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 0,8 prosent frå november til desember 2013. Dei siste tolv månadene har kapitalindeksen gått opp 3,5 prosent.
Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen auka 0,6 prosent den siste månaden. Frå desember 2012 til desember 2013 har denne delindeksen stige med 4,5 prosent.
Auka dieselprisar
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 0,4 prosent frå november til desember 2013. Dei siste tolv månadene gjekk drivstoffindeksen opp med 3,5 prosent.
Svak auke i reparasjons- og servicekostnadene
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har reparasjons- og servicekostnadene stige med 2,8 prosent.
Svak nedgang i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene gjekk ned 0,1 prosent den siste månaden. Frå desember 2012 til desember 2013 har administrasjonskostnadene likevel auka med 3,4 prosent.
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83