108369_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/kvartal
108369
Høgare dieselprisar
statistikk
2013-10-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgare dieselprisar

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,2 prosent frå august til september 2013, spesielt fordi prisutviklinga på diesel har verka inn. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige 3,4 prosent.

Figur 1. Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månad året før

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka 1,2 prosent den siste månaden. Frå september 2012 til september 2013 steig dieselprisen med 0,8 prosent.

Auka ferje- og bomkostnader

Ferje- og bomkostnadene gjekk opp 3,3 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har desse kostnadene stige med 20,6 prosent.

Nedgang i kapitalkostnadene

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,4 prosent frå august til september 2013. I løpet av dei siste tolv månadene gjekk kapitalkostnadsindeksen ned 0,5 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 0,3 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har reparasjons- og servicekostnadene stige med 2,7 prosent.