100749_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/kvartal
100749
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2013-09-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2.666666666666666667. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka 0,8 prosent frå juli til august 2013. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 3,4 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport (2009=100)
IndeksProsent
Juli 2013 - August 2013August 2012 - August 2013August 2008 - August 2013
August 2013
Totalindeks115,80,83,314,3
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader115,60,93,014,0
Viser en prosentvis endring i lastebiltransport fra samme måned året før. Det har vært en nedgang i veksten fra juli til august, både for totalindeksen for alle kjøretøygrupper og totalindeksen uten ferje- og bomkostnader.

Lønsindeksen gjekk opp med 1,8 prosent frå juli til august 2013. Dei siste tolv månadene har lønsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport vore på 5,5 prosent.

Auka administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene auka 1,3 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 4,6 prosent.

Høgare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 0,7 prosent frå juli til august 2013. Likevel gjekk kapitalindeksen ned 1,3 prosent det siste året.

Nedgang i dieselprisen

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 0,2 prosent den siste månaden. Drivstoffindeksen auka med 1,1 prosent frå august 2012 til august 2013.

Svak auke i reparasjons- og servicekostnadene

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har reparasjons- og servicekostnadene stige med 2,9 prosent.