Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i dieselprisen
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 0,7 prosent frå mars til april 2013. Årsaka er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 1,1 prosent.
Indeks | Prosent | |||
---|---|---|---|---|
Mars 2013 - April 2013 | April 2012 - April 2013 | April 2008 - April 2013 | ||
April 2013 | ||||
Totalindeks | 112,7 | -0,7 | 1,1 | 14,9 |
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader | 112,4 | -0,7 | 0,6 | 13,2 |
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 2,7 prosent den siste månaden. Drivstoffindeksen har gått ned 6,7 prosent frå april 2012 til april 2013.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,1 prosent frå mars til april 2013, som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Dei siste tolv månadene gjekk kapitalindeksen ned 1,9 prosent.
Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene gjekk opp 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 3,8 prosent.
Svak nedgang i reparasjons- og servicekostnadene
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk ned 0,1 prosent frå mars til april 2013. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 3,8 prosent.
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83