Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka dieselprisar drog kostnadene opp
Kostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,3 prosent frå oktober til november 2011. Dette kjem av auke i prisen på diesel. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 4,6 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 1,2 prosent frå oktober til november. Drivstoffindeksen har stige med 8,6 prosent dei siste tolv månadene.
Auke i løn og sosiale kostnader
Lønsindeksen har stige 0,2 prosent frå oktober til november 2011. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene auka med 3 prosent.
Nedgang i reparasjons- og servicekostnadene
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk ned 0,2 prosent frå oktober til november. Dei siste tolv månadene har delindeksen auka med 3,7 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,2 prosent den siste månaden. Det siste året har dei totale kostnadene auka med 2,9 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. Om kapitalkostnadsindeksenDenne delindeksen er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83